Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Set verdien på jorda på ein ny måte

Statens vegvesen har laget nytt verktøy for å verdisette jord.

Av og til trumfar samfunnet sine interesser jordvernet, sjølv om jordlova slår fast at dyrka jord ikkje må brukast til føremål som ikkje tar sikte på jordbruksproduksjon. Bygging av ny veg er likevel eit døme på ei samfunnsinteresse der jordlova ofte må vike.

Då Statens vegvesen skulle revidere handboka om konsekvensanalyser ved vegbygging ønska dei å endre på innfallsvinkelen for å synleggjere konsekvensane for jordbruket på ein betre måte. Det vil hjelpe etaten i å differensiere betre i valet mellom ulike traséar.

– Dilemmaet er at vi på den eine sida og i eit framtidsperspektiv ikkje har eit dekar matjord å miste. På den andre sida er det erkjenninga av at vegar framleis vil verte bygde, kommenterer Kjetil Fadnes. Foto: Kjersti Kildahl.

Det har dei mellom anna fått hjelp til av Kjetil Fadnes, som er senioringeniør i NIBIO. Han har leia eit prosjekt som deler jordbruksareal i fem verdiklassar, for å kunne skille mellom ulike typar dyrka og dyrkbar jord.

- I valet mellom ulike traséar der bruk av jordbruksareal ikkje er til å unngå, vil det vere nyttig å kunne skilje mellom den feitaste morenejorda og ei skrinn elveør, seier Fadnes på NIBIO si heimeside.

Bustad-, veg- og banebygging stod for 42 prosent av jordbruksarealet som blei bygd ned i perioden 2004 til 2015.

Annonse

– Slik vi såg oppgåva, handla det om å utarbeide eit godt fagleg grunnlag for å gjere det mogleg å ikkje velje den beste jorda dersom bruk av jordbruksareal «til anna enn matproduksjon» ikkje er til å unngå, seier Fagnes, og legg til:

– Ein annan konsekvens av å klassifisere noko jord som svært god eller god, er at noko jord og vil bli klassifisert som mindre god. Om ho dermed er av mindre verdi, det er og eit spørsmål.

Utbygging av E6 i Sarpsborg, Østfold. Foto: Morten Günther, NIBIO

Senioringeniøren medgir at oppgåva dei fekk ikkje var enkel å løyse, men at dei kom fram til ei klassifisering som kan brukast.

– I samråd med Statens vegvesen bestemte vi at verdiklassifiseringa skulle byggje på jordsmonnkart der slike finst, det vil seie for nær 60 prosent av jordbruksarealet i landet. I område som ikkje er jordsmonnkartlagt er klassifiseringa gjort på bakgrunn av andre, enklare kart, såkalla AR5 og DMK, seier Fadnes.

Neste artikkel

Godt oppvekstmiljø gir lykkeligere høns