Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Alle» vil satse på ammeku

Rundt 100 deltakarar på ammekukurs i Rogaland.

Inspirasjon: Rogalendingane har vore i Irland for å hente inspirasjon til korleis me kan byggje rimelegare bygg til ammekyr.

I november var 30 bønder, rådgjevarar og leverandørar på studietur i Irland for å lære korleis irske bønder byggjer rimelege fjøs til ammekyr. I etterkant av turen har ei arbeidsgruppe arbeidd med å tilpasse kunnskapen til norske forhold og reglar, og dei første skissene og kostnadsoverslaga blir presentert på eit kurs ved Ryfylke Fjordhotel i Suldal førstkommande helg.

Les også: Arvet avlsinteressen etter far

Ein av pådrivarane i prosjektet er Kjetil Olsen i Fjøssystemer. Han er spent på mottakinga frå bøndene som går med tankar om å satse på ammekuproduksjon.

Billeg: Kjetil Olsen skal vise forslag til billege ammekufjøs.

– Eg kjem til å spisse ting for å vise kor billeg me kan byggje. Her er det ikkje rødmalte låvar, bonderomantikk og komfort for bonden. Det er det som kostar pengar. Men klimaet, dyrevelferden og komforten for dyra skal vere like god som med andre løysingar, fortel han.

UTAN HALM OG FLIS

Fjøsteiknarane har laga skisser utan bruk av halm og flis, sidan tilgangen i Rogaland er låg og prisen tilsvarande høg. Men sjølv om prosjektet har som mål å kutte kostnadene til det minimale er Olsen klar på at dei ikkje skal byggje så enkelt at det påfører bonden masse meirarbeid og dermed dyr og tungvindt drift.

Les også: Vil byggje rimelegare ammekufjøs

– Det er dei som bur i huset som skal betale husleiga til bonden, men me er også klare på at dette ikkje er løysingar som passar for alle. Det er muleg å byggje for 50 000 kroner per mordyr, men det er også dei som byggjer for 100 000 kroner per mordyr.

IKKJE ALLE SKAL BYGGJE

Sjølv om ammekukurset kom i stand som ein del av arbeidet med å kutte kostnader, er fleire tema interessant for ammekubønder som ikkje har tenkt å byggje nytt fjøs.

Les også: Lavere sjukdomsforekomst hos ammeku

Annonse

– Det er nok ikkje alle deltakarane som går med planar om å byggje, men som likevel finn andre delar av kurset interessant, fortel Andreas Lundegård i Tveit Regnskap, som saman med kollega Harald Pedersen skal snakke om økonomi.

Interesse: Andreas Lundegård fortel at dei har rundt 100 påmelde til kurs den andre helga i januar.

Han er overvelda over at responsen har vore så stor trass i at kurset er lagt til Sand i Ryfylke.

Les også: Selger kjøttet i egen butikk

– Me hadde 40 på ammekukurs på Bryne i fjor, og nyleg hadde Nortura 40 på kurs i Hordaland. Ein del av dei meir enn hundre som står på deltakarlista er rådgjevarar, men det fortel litt om interessa for å starte og drive med ammeku for tida, seier Lundegård.

FOR DISTRIKTSLANDBRUKET

Etter å ha sett på postnummera til deltakarane kan han slå fast at det for det meste er i distrikta i Rogaland interessa er stor, og ikkje på det frå før dyretette Jæren.

YTRING: Ordren er mottatt

– Ein del av dei som har meldt seg på har me tidlegare hatt på sauekurs, men på grunn av overproduksjon gir ikkje Innovasjon Norge lenger tilskot til sauehus i Rogaland. Det er mange om ein liten ammekupott også, men interessa er likevel stor. Dersom rammevilkåra blir slik at ein ikkje må drive altfor stort kan dette bli eit viktig tilskot til distriktslandbruket, kan Andreas Lundegård slå fast.

Neste artikkel

Mangler du kårkall? Søk om mentor