Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Humørbonden på Stortinget

Heime på garden på Hjelmåsen går villsauene på sjølvstyr, medan bonden Geir Styve reiser landet rundt for Oppmuntringstilsynet og held foredrag om noko så alvorleg som humor.

På ei høgde ved Osterfjorden i Hordaland ligg det som var eit tungdrive gardsbruk.

- Det var ein dødsdømd vestlandsgard, seier Geir Styve til Bergens Tidende.

I dag er det besøksgard og hestesenter. Humørbonde i oppmuntringstilsynet

Han kallar seg også fiskarbonde slik strilar har vore i generasjonar, men med ein vri: "Fiskar" er bytta med "Humør".

Oppmuntringstilsynet er hans ide i kampen mot mismot i Bygde-Norge. Han held foredrag rundt i heile landet for å setja kveik i folk og få dei til å drepa bygdedyret. Alvorlege saker, men våpenet er humor.

Nyleg var Styve gjest i Radio Exact i Ringsaker der han fortalde korleis han tener penger på å få bergensere til å kaste hestemøkk på kvarandre med kanon. Høyr innslaget

Annonse

Onsdag var han på Stortinget for å spre det glade bodskap til dei som hadde tid til å høyre på. Catch and release

Heima på garden går villsauene på sjølvstyr.

- Væren går med dei heile året. Lam kjem når dei kjem, seier han.

Besøkande på garden kan få fanga dei, men sauene vert sett fri igjen med ei gong.

- Sokalla "catch and release", seier humørbonden med eit stort smil.

Neste artikkel

Flere leser Norsk Landbruk