Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordren er mottatt

Meir norsk storfekjøt skal bli.

Arkivfoto: Norsk Landbruk.

«DET KAN BLI TOMT for ribbe og pinnekjøt i butikkane». Du hugsar sikkert avisoverskriftene. I ei ikkje altfor fjern fortid var overskriftene like årvisse som jula sjølv. Men det blei aldri slik med pinnekjøtet og ribba, som det blei med smøret. Panikken tok aldri tak, og folk starta aldri å hamstre. Og det blei tradisjonsmat på julekvelden til alle som ville ha. Ikkje nødvendigvis av lam frå norske beiter, eller av gris fôra opp i norske fjøs, men julemat blei det.

KVART ÅR SPEKULERTE AVISKOMMENTATORANE i at dette var krisemaksimering for å få folk til å hamstre. At folk skulle lokkast til å kjøpe meir kjøt enn dei trengde, akkurat som med smøret. Det blei aldri slik. Me var førebudde på å lage pinnekjøt av walisiske og skotske lam, og kjøt til den særnorske ribba var det ingen problem å få tak i.

DET ER AKKURAT DET SAME NEDERLAGET med lir i dag, når kvar femte biff i norske kjølediskar er fôra opp på utanlandsk gras. Samstundes med at folk drikk mindre mjølk, premierer landbrukspolitikken dei som produserer mjølka mest mogleg effektivt. Det vil seie at færrast mogleg kyr produserer mest mogleg mjølk. Det betyr at talet på kyr går ned, og dermed også talet på kalvar til kjøtproduksjon. Om spesialisering av mjølke- og kjøtproduksjonen er den mest klimasmarte og berekraftige måten å forsyne landet med mjølk og kjøt, får bli ein politisk diskusjon. Så langt er det ingenting som tyder på at politikarane vil at kombinasjonskua skal gi oss både mjølk og kjøt. Då må kraftfôrprisen opp, avdråtten ned og talet på mjølkekyr må opp igjen.

HELLER TVERT OM. I jordbruksforhandlingane i mai blei partane samde om å stimulere til auka ammekuproduksjon ved å auke kvalitetstilskotet, etter oppskrift frå suksessen med kvalitetstilskotet på lam. Ammekuprodusentar spør seg om kravet var høgt nok, men nok om det. Me registrerer i alle fall at interessa for å starte med kjøtproduksjon har eksplodert, og at det er mange bønder som i desse dagar ser på teikningar, vurderer fjøsløysingar og finreknar på økonomi.

Annonse

NORSKE BØNDER ER HANDLEKRAFTIGE og tilpassingsdyktige. Ber styresmaktene om meir storfekjøt, og sørgjer for å legge forholda til rette for det, så vil landbruket levere meir storfekjøt. Dei er ikkje som asylbaronane, at dei krev avkastning både før, under og etter dei handlar. Norske bønder er slik konstruerte at dei knapt stiller krav til avkastning på kapitalen dei investerer, men har mål om å tene pengar ein gong i framtida. Men nok om det også.

LANDBRUKET TAR OPPDRAGET med å forsyne landet med norsk storfekjøt. Kjøt av den kvaliteten Prima Jæren-eigar Anbjørn Øglænd etterlyser når han startar å importere angus-skrottar frå Tyskland. Norske angusar smakar ikkje dårlegare enn tyske, for å seie det slik. Om antibiotikaforbruk i landbruket er ein god målestokk, er norske husdyr dei friskaste i heile den vestlege verda. Men sjølv om det blir bygd ammekufjøs en mass over heile landet, vil det ta tid å erstatte det importerte kjøtet med norsk. Etterspurnaden etter mordyr vil bli så stor at slakteria må smøre seg med tolmod, før bøndene kan melde inn mange nok dyr til å dekke etterspurnaden.

INNOVASJON NORGE VAR KANSKJE litt seine med å stramme inn på sauesatsinga nokre stader, me me får håpe at det same ikkje skjer på ammeku. På børsen heiter det at ein bør selje når lærarane byrjar å kjøpe aksjar. Her får me håpe dei snører igjen pengesekken før lærarane byggjer ammekufjøs. Det er ikkje nødvendig på ei stund ennå.

Neste artikkel

Fotfølger beitedyra