Kan man med fordel minimalisere bruken av mineralgjødsel med å bruke mye blautgjødsel?
Husdyrgjødsel er ein verdifull ressurs som ein har mykje att for å bruke på rett måte.
Den tilfører jorda verdifullt, organisk materiale, i tillegg til den reine gjødselverknaden.
Det beste er å ta ut ein representativ prøve og sende inn til Bioforsk, avd. for jord og miljø. Så kan ein bruke desse verdiane når ein i neste omgang lagar gjødslingsplan. Det finst òg standardverdiar for husdyrgjødsel, men gjødselverdien av husdyrgjødsel varierer med dyreslag, strø (type og mengde), omdanningsgrad og fôring. Ei prøve vil derfor gi det beste utgangspunktet for å lage ein mest optimal gjødslingsplan. Oppdaterte jordprøver er òg ein viktig føresetnad for ein mest mogleg optimal bruk av husdyrgjødsla.
Når det gjeld bruk av husdyrgjødsel og kor mykje denne kan erstatte mineralgjødsel, vil dette avhenge av type produksjon. I ein økologisk produksjon vil den normalt erstatte all bruk av mineralgjødsel, medan ein i eit konvensjonelt driftsopplegg vil prøve å balansere bruken av dei to gjødselslaga. Til eng vil det normalt være uproblematisk å erstatte delar av mineralgjødsla med husdyrgjødsel. Til beite vil mineralgjødsel virke raskare og gje eit meir proteinrikt beitegras. Snyltarar er også ei aktuell problemstilling i høve til bruk av blautgjødsel frå sau til beite.
Når det gjeld gjødselverknad, vil ein få mest ut av denne om ein har høve til å tilsette vatn. Ved å blande husdyrgjødsel og vatn 1:1, vil gylla få tilnærma same N-gjødslingsverknad per tonn som ved bruk av rein husdyrgjødsel. For å minimere køyre- og pakkeskadar, er dette ein driftsmåte som fungerer best ved bruk av slangespreiing eller vatningsvogn. Alternativt bør ein bruke gode dekk på gjødseltanken og køyre når tilhøva er gunstige. Jordprøver frå det enkelte skifte og mengde husdyrgjødsel vil være med på å bestemme kva som vil være den mest optimale bruken av husdyrgjødsla på den enkelte gard. Vidare vil arrondering, avstandar, type produksjon og mekanisering også vere med å påverke vurderinga for den enkelte. Når det gjeld myr, skal ein vere forsiktig med å bruke for mykje husdyrgjødsel, da dette kan komme til å tette porene i jorda.
Som ein grov tommelfingerregel kan ein bruke cirka 2-2,5 tonn blautgjødsel, opptil fire tonn ved bruk av gylle. Ved for store mengder kan det fort bli fare for skorpedanning. Vidare er det viktig å dekke næringsbehovet til plantene, men blir det for mykje fosfor og kalium, vil det være fare for avrenning til vassdrag. For å få eit best mogleg svar i ditt tilfelle, vil eg tilrå ein diskusjon med ein erfaren gjødselplanleggjar, anten i ein forsøksring, kommune eller privat planleggjar.
Mvh
Halvor Midtbø












Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
Når høna gleder seg til en lekker mark, stiger tempen.
En av tre varer økovarar koster det samme eller mindre enn de ikke-økologiske alternativene, viser ny pristest.
Styret i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har vedtatt å avvikle kraftfôrproduksjonen på Lagmannholmen fra 1. oktober 2012.
En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.