Vil kvaliteten på graset bli betre om det slåast nokre dagar før skyting og ligg og fortørkar i 3-4 dagar, enn hausting 1-3 veker etter skyting, og kor mykje vil avlingsnedgangen eventuelt være?
Rett tidspunkt for å slå gras til surfôr, blir rekna for å være ved byrjande skyting. Dette er når 10 aks per m2 av den dominerande grasarten på skiftet har vakse heilt ut av bladslira. På dette tidspunktet får ein best proteinavling og høgast fôreiningskonsentrasjon per kilo tørrstoff (FEm/kg TS).
Fortørking er bra for å få eit meir konsentrert og fast fôr, samt unngå å miste næring gjennom pressaft. Rundballar av fortørka gras er meir formfaste, som gjer faren for feilgjæring mindre. Legg ein gras i silo, vert presset på siloveggane mindre med fortørka gras. Når ein slår enga, er tørrstoffprosenten i graset normalt kring 17 prosent, og om ein tørkar graset ein dag med god tørk, til 35 prosent tørrstoff, har ein tørka bort cirka 1 700 liter vatn per tonn gras. Tre til fire dagar med fortørking blir for lenge til surfôr. Ved overskya vær, maks. 1,5-2 dagar. Det verste er å få regn i ein streng med kraftig fortørka gras. Da må ein bruke ensileringsmiddel!
Gjennomsnittstal for forventa avling, god eng, førsteslått, Austlandet
|
Surfôr |
Nokre dagar før skyting |
Første veke etter skyting |
Tre veker etter skyting |
|
FEm/daa |
350 |
415 |
430 |
|
FEm/kg TS |
0,94 |
0,86 |
0,67 |
|
Kg fordøyeleg råprotein/daa |
42 |
40 |
30 |
|
Gradering av surfôret (ved vellykka ensilering) |
Godt |
Middels godt |
Dårlig |
Tabellen viser at totalavlinga aukar i perioden frå nokre dagar før skyting og fram mot en til tre veker etter skyting, men du får samtidig eit mindre konsentrert fôr med meir fiber/trevlar. Ved det siste tidspunktet vil ein få næringsverdi som byrjar å likne på frøhøy/halm. Når det gjeld protein, går avling ned både i kvalitet og mengde. I tillegg blir både fiber og proteinet mindre fordøyelege dess lengre ein utsett haustinga. Grovfôropptaket går også ned med seint hausta surfôr. I praksis betyr dette at ein med seint hausta grovfôr må kjøpe både større mengde og meir energi- og proteinrikt kraftfôr. Det er derfor mykje å spare på å produsere godt grovfôr! Ved planlegging av fôring er det viktig å ta ut fôrprøver for å skilje på godt og mindre godt grovfôr. Lykke til!
Halvor Midtbø












Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
Når høna gleder seg til en lekker mark, stiger tempen.
En av tre varer økovarar koster det samme eller mindre enn de ikke-økologiske alternativene, viser ny pristest.
Styret i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har vedtatt å avvikle kraftfôrproduksjonen på Lagmannholmen fra 1. oktober 2012.
En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.