Pakking av rundballar

Spørsmål

Dei fleste pakkar rundballar ein og ein med seks lag plastikk. Kva utfordringar blir det om ein pakkar ballane etter kvarandre, slik som det blir gjort med halmballar om hausten? Vil det gå mindre plastikk om det lar seg gjere? Har lurt på dette for å få ned plastkostnaden ved rundballar.

Svar

Tanken om å pakke rundballar på denne måten er interessant, sidan du kan spare om lag 1/3 av plastforbruket på 1,20-ballar. Godt utført kan du få like god surfôrkvalitet som med pakking av enkeltballar, men det krev litt meir både i planlegging og gjennomføring. Det er ekstra viktig å syte for at plasten ikkje ryk sund, sidan fleire ballar vil bli øydelagde om oksygen slepp til. Feilgjæring og varmgang kan spreie seg raskt til nye ballar.

Rundballane må leggjast heilt tett under innpakkinga, slik at vi ikkje får luftlommer inni pølsa. Vidare må du ha ein jamn (evt. jamt hallande) lagringsplass, slik at det vert jamn strekk i plasten på over- og undersida av "pølsa". Ligg ballane i pølsa t.d. over ein kul, vil dei naturleg sige mot kvar si side. Då får vi små luftlommer mellom ballane, det vert ekstra strekk i plasten og kan hende ryk plasten. Ballane må òg vere heilt jamnstore, jamt og godt pressa og med jamn fortørkingsgrad. "Miniballar" eller blaute ballar som sig i hop, vil gje mykje strekk i plasten. Dette har nok vore den vanlegaste årsaka til at plasten har roke sund og at fôr har vorte øydelagd i rundballepølser.

Når vi tek rundballar frå ei pølse, har vi heile tida ei open snittflate der luft kjem til, på same vis som med vanlege siloar og heilt annleis enn med enkeltballar. Tida der fôret er utsett for lufttilgang, er kritisk for evt. varmgang og utvikling av mugg- og gjærsopp. Rundballefôret er heller ikkje ei tett, ugjennomtrengeleg masse, så luft vil kunne sige innover i pølsa. Vi veit òg at sjansane for ny (og feil) gjæring er større di høgare temperaturen er. Difor bør fôrforbruket vere minst éin rundball per dag når dei ligg i pølse, og vi meiner det er både ein naudsynt og billeg "forsikring" å tilsette gjær- og muggdempande ensileringsmiddel om du skal ta fôr frå ei slik pølse i den varme årstida. Som i silo er det gunstig å avgrense luftvekslinga ved å dekke til snittflata ved uttak av fôr. Vi må åtvare sterkt mot å ta ballar frå begge ender av pølsa, for da lagar vi ein "skorstein" som sikrar lufttilgang og feilgjæring i heile pølsa!

Oddbjørn Kval-Engstad

3 kommentarer til denne artikkelen

Hhaahhaa. I’m not too bright today. Great post! 

Dreama - 26.05.2011 04:29

Kga0iw , [url=http://wmoydkmwvnzk.com/]wmoydkmwvnzk[/url], [link=http://yzhraryozeuy.com/]yzhraryozeuy[/link], http://xmmmuzawwuly.com/ 

ihdmqx - 27.05.2011 15:41

TaUpzF , [url=http://dfweuiwhzyme.com/]dfweuiwhzyme[/url], [link=http://swzvgojywzvb.com/]swzvgojywzvb[/link], http://xvvguprzzgxv.com/ 

djgpsed - 01.06.2011 13:33

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.