Dei fleste pakkar rundballar ein og ein med seks lag plastikk. Kva utfordringar blir det om ein pakkar ballane etter kvarandre, slik som det blir gjort med halmballar om hausten. Vil det gå mindre plastikk om det lar seg gjere? Har lurt på dette for å få ned plastkostnaden ved rundballar.
Torgeir Nordgård
Tanken om å pakke rundballar på denne måten er interessant, sidan du kan spare nær 50 prosent av plastforbruket på 1,20-ballar. Godt utført kan du få like god surfôrkvalitet som med pakking av enkeltballar, men det krev litt meir både i planlegging og gjennomføring. Det er ekstra viktig å syte for at plasten ikkje ryk sund, sidan fleire ballar vil bli øydelagde om oksygen slepp til. Feilgjæring og varmgang kan spreie seg raskt til nye ballar.
Rundballane må leggjast heilt tett under innpakkinga, slik at vi ikkje får luftlommer inni pølsa. Vidare må du ha ein jamn (evt. jamt hallande) lagringsplass, slik at det vert jamn strekk i plasten på over- og undersida av "pølsa". Ligg ballane i pølsa t.d. over ein kul, vil dei naturleg sige mot kvar si side. Då får vi små luftlommer mellom ballane, det vert ekstra strekk i plasten og kan hende ryk plasten. Ballane må òg vere heilt jamnstore, jamt og godt pressa og med jamn fortørkingsgrad. "Miniballar" eller blaute ballar som sig i hop, vil gje mykje strekk i plasten. Dette har nok vore den vanlegaste årsaka til at plasten har roke sund, og at fôr har vorte øydelagd i rundballepølser.
Når vi tek rundballar frå ei pølse, har vi heile tida ei open snittflate der luft kjem til, på same vis som med vanlege siloar, og heilt annleis enn med enkeltballar. Tida der fôret er utsett for lufttilgang, er kritisk for evt. varmgang og utvikling av mugg- og gjærsopp. Rundballefôret er heller ikkje ei tett, ugjennomtrengeleg masse, så luft vil kunne sige innover i pølsa. Vi veit òg at sjansane for ny (og feil) gjæring er større di høgare temperaturen er. Difor bør fôrforbruket være minst éin rundball pr. dag når dei ligg i pølse, og vi meiner det er både naudsynt og billeg "forsikring" å tilsette gjær- og muggdempande ensileringsmiddel om du skal ta fôr frå ei slik pølse i den varme årstida. Som i silo er det gunstig å avgrense luftvekslinga ved å dekke til snittflata ved uttak av fôr. Vi må åtvare sterkt mot å ta ballar frå begge ender av pølsa, for da lagar vi ein "skorstein" som sikrar lufttilgang og feilgjæring i heile pølsa!
Oddbjørn Kval-Engstad












Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.
Når høna gleder seg til en lekker mark, stiger tempen.
En av tre varer økovarar koster det samme eller mindre enn de ikke-økologiske alternativene, viser ny pristest.
Styret i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har vedtatt å avvikle kraftfôrproduksjonen på Lagmannholmen fra 1. oktober 2012.
En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.