Det gjeld gjerdeplikt. Bur i ei grend der vi er berre to igjen som driv med dyr. Vi er dei einaste som beiter dyra i denne grenda, naboen beiter ein annan stad. Kva gjer ein når ingen andre enn vi held gjerdeplikta. Skal vi passe alle gjerda, så får vi ikkje gjort anna. Dyrt er det også. Eg forstår at gamle folk ikkje har høve til slikt arbeid, men problemet fell på oss. Dialog er neppe tingen. Svaret vert som regel at «.. vi har no ikkje dyr vi ...». Er det nokon klar lovheimel ein kan nytte for å få orden på slikt. Kan ein sende rekning for utført arbeid, eller kva?
Det korte svaret her er gjerdelovens § 17: Tvangsfullbyrdelse i gjerdesaker.
"Skjønsavgjerdene er tvangsgrunnlag på same måten som orskurdar. Klagen har ikkje utsetjande verknad om ikkje lensmannen, namsfuten, politistasjonssjefen eller Tingretten vedtek noko anna. Føresegna i tvistemålslova § 162 andre og fjerde stykket gjeld tilsvarande. Når den eine grannen ikkje oppfyller gjerdehaldsskyldnaden, kan namsmannen lata den andre få fullmakt til å setja arbeidet i verk på hans kostnad. Har kravet ikkje tvangskraft, skal namsmannen gjeva grannen høve til å seia si meining før han tek avgjerda si. Er det ikkje tvangsgrunnlag frå før, kan tvist om kostnadsspørsmålet avgjerast i gjerdeskjøn når arbeidet er gjort."
Endra med lover 16. juni 1961 nr. 15 § 24, 26. jan. 1973 nr. 3, 26. juni 1992 nr. 86, 14. des. 2001 nr. 98 (i kraft 1. jan. 2002 iflg. res. 14. des 2001 nr. 1416), 25. juni 2004 nr. 53 (i kraft 1. jan. 2006, etter res. 19. aug. 2005 nr. 901) som endra med lov 17. juni 2005 nr. 84.
Dette betyr at du må forsøke å få lensmannen til å ta seg av saken!
Alfred Schøyen
Advokatene i Landbrukets Hus












Miljøverndepartementet har på nytt kutta i fellingskvotane for gaupe, frå 157 til 118 dyr. Ei kraftig markering frå MD, meiner dagleg leiar i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, Åsmund Ystad.
Svenske forskere kan ha funnet en effektiv måte å utvinne fosfor for slam.
Dag Swanstrøm er siktet for økonomisk utroskap mot Nye Telemarkskyri Meieri.
Landbruket i Danmark satte ny rekord med en eksportandel på 118 milliarder danske kroner i 2011.
Challenger feirer 25 år på belter med spesialutgave i slangeskinn. Se video.