Skattefritak ved gevinst ved salg av alminnelig gardsbruk, har vore skattefritt når eigaren har eigd eigedommen i 10 år. Denne regelen gjaldt til og med 2004.
Frå 2005 er det innført skatteplikt på gevinst ved salg av landbrukseigedom. Det er eit unntak ved sal til famile, men prisen må ikkje overstige 75 prosent av antatt salsverdi (takst).
Med sal til familie meinast dei som har arverett etter arvelovens reglar, til og med syskenbarn.
Dersom du kjøper eigedommen, og prisen ikkje er høgare enn 75 prosent av takst, er gevinsten skattefri for bror din. Eg går ut ifrå at bror din har eigd garden i 10 år eller meir.
Dersom naboen kjøper garden, er det skatt på gevinsten. Dersom bror din har drive garden, vil gevinsten bli beskatta som personinntekt. Har bror din passivt leigd bort garden, vil han bli beskatta med 28 prosent skatt.
Det blir altså mykje høgare skatt på dei som driv gardane sjølve, enn dei som berre er passive bortleigarar.
Geir Borgen












Miljøverndepartementet har på nytt kutta i fellingskvotane for gaupe, frå 157 til 118 dyr. Ei kraftig markering frå MD, meiner dagleg leiar i Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, Åsmund Ystad.
Svenske forskere kan ha funnet en effektiv måte å utvinne fosfor for slam.
Dag Swanstrøm er siktet for økonomisk utroskap mot Nye Telemarkskyri Meieri.
Landbruket i Danmark satte ny rekord med en eksportandel på 118 milliarder danske kroner i 2011.
Challenger feirer 25 år på belter med spesialutgave i slangeskinn. Se video.