TunMedia

Eit lyspunkt i jordbruksavtalen
Så kom ein i hamn med jordbruksoppgjeret i år også.
Småbrukarlaget fekk si vane tru demonstrert si misnøye ved å bryte
forhandlingane, mens eit bondefanga Bondelag måtte ta ansvar for å
rette opp dei verste utslaga i tilbodet frå staten. Mykje har blitt
sagt og skrive om resultatet av forhandlingane, og korleis staten
sine strategar på briljant vis bondefanga Bondelaget. Me skal la
det liggje her og heller ta for oss eit av lyspunkta i
jordbruksforhandlingane.

For sjølv om totalen ikkje var noko å rope hurra for, så finst
det trass alt noko der som det er verd å heise flaget for. Ja, for
enkelte bønder kan gjennombrotet for ei maskinteknisk
rådgjevingsteneste uavhengig av maskinbransjen, spare dei for meir
pengar enn dei kunne ha drøymt om i eit gulloppgjer frå staten. For
pengar spart er pengar tent, og for å tene pengar, treng ein gode
råd når ein søkjer råd.

I sluttprotokollen i jordbruksoppgjeret står det at ein har sett
av 1,5 millionar kroner til maskinteknisk rådgjeving i regi av
Norsk Landbruksrådgiving. Rett nok står det også at tilskotet til
dette føremålet skal trappast ned over fem år, men det må vere lov
å håpe at me endeleg skal lykkast med å byggje opp ei
rådgjevingsteneste for bønder som er uavhengig av maskinbransjen.
Ikkje eit vondt ord sagt om alle dei flinke seljarane som gir råd
når bønder skal investere i nye bygg og maskinar, men ingen kan
vente at lojaliteten deira skal liggje hos bonden. For å setje det
litt på spissen: Ein seljar si oppgåve er å leite fram det finaste
og dyraste utstyret firmaet kan by på, og som du har sjansen til å
betale for, og selje deg det.

Det har vore eit problem i Noreg at bønder har hatt få stader å
søkje uavhengige råd. Når ein skal investere hundretusenvis av
kroner i maskinar, for ikkje å seie mange millionar kroner i
bygningar, i-mek og maskinar, kan mange ha stor nytte av å rådføre
seg med ekspertar som ikkje tener pengar på å selje bonden den eine
eller andre løysinga.

Kjell Mangerud er blant dei som har kjempa for ei uavhengig
maskinteknisk rådgjevingsteneneste i mange år. Nå har gjennombrotet
endeleg komme. Utfordringa nå er korleis me kan komme vidare. Det
neste steget må vere å byggje eit kompetansemiljø som kan utdanne
og rettleie ekspertane. For dei uavhengige ekspertane må jo komme
frå ein stad, og den staden har me ikkje i dag. Det mest
nærliggjande er å satse på Blæstad.

Når ein står for tett saman
I alle fall å nesten stå saman. Så samde at alle norske bønder
kan vere medlemmer i ein interesseorganisasjon har ein aldri vore.
Ei heller så samde at alle er medlemmer i samvirkebedriftene, og
det finst også bønder i andre politiske parti enn Senterpartiet.
Knivinga innad i Bondelaget og Småbrukarlaget, og mellom dei, kunne
vore eitt tema. Konkurransesituasjonen mellom samvirkebedriftene og
dei private aktørane, herunder matvarekjedene sitt forsøk på å
bringe maten nesten heilt frå jorda og fram til bordet, eit anna
tema.

Eg vil i staden ta føre meg landbrukspolitikken si stilling i
det politiske landskapet. I Bondevik I-regjeringa lét Anne Enger
Kristeleg Folkeparti få landbruksministeren. Senterpartiet hadde
ingenting å vinne på å ha ministeren. Det var betre at bøndene var
sinte på ein KrF-statsråd. Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete har
vald ein annan strategi. Dei har sett det som eit viktig mål å få
styre Landbruks- og matdepartementet. Det har i alle fall vore
viktig å hindre at korkje Ap eller SV får styre Landbruks- og
matdepartementet.

Problemet med å gi makta over Landbruks- og matdepartementet til
SV, ville vore at partiet ikkje har ein landbrukspolitikk.
Problemet med Ap er at dei snart ikkje har ein landbrukspolitikk
dei heller. Det er nesten ikkje ein Ap-politikar igjen på
Stortinget med interesse for landbrukspolitikk. Då lagar ikkje
partiet landbrukspolitikk heller. Når Venstre nesten er utradert,
og KrF kryp nedover mot sperregrensa, er det lite å hente der også.
Då står ein igjen med eit Høgre som er som Ap: Dei er
uinteresserte. Og så har me eit Frp som meiner at rasjonalisering
er noko ein nå må byrje med. Som om landbruket har vore statisk
sidan krigen. Der i garden er målet med landbrukspolitikken helst å
skaffe pengar til andre ting.

Resultatet er at det nesten ikkje er nokon igjen å diskutere
landbrukspolitikk med. For det første er kunnskapsløysa stor, og
for det andre er interessa fråverande. Det blir som å spørje ein
thai med svake engelskkunnskapar om han har forstått spørsmålet. Du
får eit ja til svar uansett. Det nyttar like lite å argumentere for
å auke eit kvotetak som for å senke det, dersom interessa for å
lytte til bodskapen er fråverande. Det nyttar lite å snakke varmt
om å vri eit tilskot dersom tilhøyraren tolkar alt inn i rammene
for annan næringspolitikk, eller har som mantra at det nå er på
tide å starte med rasjonalisering i landbruket.

Dessverre har me fått ein politisk røyndom der nesten all
landbrukspolitikk er gøymt vekk i eitt parti. Paradoksalt nok har
suksessen med å vinne bøndene for sin politikk blitt ille for
Senterpartiet. Det beste for landbruket hadde vore om også dei
andre partia hadde hatt politikarar som kjempa for sitt parti sin
landbrukspolitikk.

Gratis tips
Skjønt, om ein ser på mange av maskinane som finst i det norske landbruket i dag, er det ein god del av dei som blei vurderte som uaktuelle i Noreg berre for få år sidan.
Det er også gøy å vere til stades på grasdemonstrasjonar. Sjølv om maskinleverandørane har ein tendens til å vise fram dei største og gjevaste maskinane først, viser dei sjølvsagt også fram maskinar som er midt i leia for den jamne norske bonden og entreprenøren.

I år hadde Forum Ku på Jæren invitert landbruksmaskinbransjen til ein felles grasdemonstrasjon. I staden for at Felleskjøpet inviterte sine potensielle kundar til grasdemo med utstyr frå sine leverandørar, Eiksenteret med sine leverandørar og Lantmännen med sine og så vidare, var alle samla på nøytral grunn på Nærbø. Der fekk me sjå alt frå Claas og New Holland sine sjølvgåande finsnittarar, til meir vanlege syn som slepeslåmaskinar frå Kuhn og Kverneland og rundballeutstyr frå Orkel og Krone. Her var alle samla på nøytral grunn på Nærbø.

Det blei ein svært vellykke grasdemonstrasjon. Kanskje med unntak av kvaliteten på graset, og at utfordringa for ein del av maskinane dermed blei vel tøff. Eit heftig regnvêr dagen og natta før gjorde nemleg at ingen andre enn demokjørarane vurderte noko slåttonn den dagen. Elles ville nok den tidlege våren gjort at svært mange heller ville ha prioritert å få eige gras i silo eller ballar.

Ulempa når ein skal vise fram veldig mange maskinar, er naturlegvis at det ikkje blir tid til å demonstrere maskinane grundig. Vêret gjorde også at det ikkje blei noko av dei planlagde prøvekjøringane etter at sjølve demoen var over. Det var det rett og slett for bløtt til.

Fordelen med ein felles grasdemo var sjølvsagt at ein fekk sett mange ulike maskinar i aksjon, og at ein dermed kunne samanlikne prestasjonane. Ein glimrande idé, som veldig mange sette pris på, både blant dei som viste fram maskinar og dei som var der for å sjå på.

Tanken om å samle landbruksmaskinbransjen til ein felles grasdemonstrasjon, kom etter eit liknande arrangement med fullfôrvogner i fjor. Leiaren i Forum Ku, Bjørn Høyland, fortel at dei neppe vil ta på seg å arrangere ein tilsvarande grasdemonstrasjon neste år, men at det kan bli ein demonstrasjon med eit anna tema.

Men ideen og gjennomføringa var etter underteikna si meining så god at felles grasdemonstrasjonar, og andre fellesdemonstrasjonar for den del, er noko ein bør vurdere både på Jæren og andre stader i landet. Det var rett og slett eit glimrande tiltak. Tipset frå Forum Ku er gratis.

Traktorparken må rustes opp
Årsakene og forklaringene er mange, men det finnes bare en konklusjon: Det er altfor mange. Derfor er det bra at Arbeidstilsynet tar tak i landbruket. Måtte bare tilsynet bruke sin tid og sine krefter på noe praktisk og viktig.

At 10 av 13 dødsulykker skjer med eller i tilknytning til traktor, viser med all tydelighet at det er gode grunner til å vie traktoren mer oppmerksomhet. Traktorens tekniske tilstand er i så måte veldig viktig.

Vi vet alle at det er mange traktorer i bruk rundt om i landet som i beste fall krever kjennskap og vennskap mellom traktor og sjåfør for at traktoren skal oppføre seg forutsigbart. Det er gjerne nummer to-traktoren, eller en traktor lenger uti rekka, det slurves mest med, men ikke bare dem. Uansett: Konklusjonen er at vi må få bort ulykkesfellene.

Vi må bedre den tekniske tilstanden på tusenvis av traktorer for å forebygge mot ulykker.Den konklusjonen er neppe egnet til å provosere mange. Et forslag om periodisk kjøretøykontroll, populært kalt EU-kontroll, ville kanskje ha provosert flere.

Gårdbruker Jan Helge Lunde står i spissen for en gruppe gårdbrukere fra Øvre Eiker som ønsker å dra i gang en dugnad for å redusere tallet på ulykker i landbruket. For å komme et eventuelt påbud i forkjøpet, foreslår de at bransjen tar tak i problemet selv. Kort sagt går forslaget ut på at traktoreiere får muligheten til å tegne en serviceavtale med et verksted. I serviceavtalen forplikter traktoreieren seg til å levere traktoren til regelmessig service.

Svakheten med et slikt opplegg er selvsagt at det er frivillig, og at det koster. Som gulrot for å tegne serviceavtaler og bedre sikkerheten, foreslår bøndene i Øvre Eiker at forsikringsselskapene premierer dem som tegner serviceavtale. Tanken er at forsikringsselskapene har en egeninteresse i å redusere tallet på ulykker, fordi det reduserer utbetalinger til både personskader og til materielle skader.

Utgangspunktet for debatten må være at ord må omsettes i handling dersom vi skal greie å redusere ulykkestallene i landbruket. Dersom ikke feil og mangler blir fulgt opp og utbedret, men i stedet skjult med noen kryss og kommentarer i KSL, blir HMS bare tre bokstaver.

Vi verken vil eller kan leve med at så mange liv går tapt hvert år. Samtidig vet vi at industriens superbyråkratiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid ikke vil gi resultater i landbruket. Vi må finne tiltak som stimulerer og motiverer.

Undertegnede er ikke i tvil om at han foretrekker en frivillig ordning med gulrot, i stedet for tvang, for å få rustet opp traktorparken, men det gjenstår å se om man får med både myndigheter og forsikringsselskaper på en slik ordning.

Først av alt må vi ta en grundig debatt. Du kan bidra til ved å skrive en kommentar nedenfor. Du kan også bidra med andre innspill og kommentarer til hvordan man kan redusere tallet på ulykker i landbruket.