Bloggen

Eit lyspunkt i jordbruksavtalen


Sjølv om totalen i det nye jordbruksoppgjeret ikkje var noko å rope hurra for, så finst det trass alt noko der som det er verd å heise flaget for: Etableringa av ei uavhengig maskinteknisk rådgjevingsteneste.

Så kom ein i hamn med jordbruksoppgjeret i år også. Småbrukarlaget fekk si vane tru demonstrert si misnøye ved å bryte forhandlingane, mens eit bondefanga Bondelag måtte ta ansvar for å rette opp dei verste utslaga i tilbodet frå staten. Mykje har blitt sagt og skrive om resultatet av forhandlingane, og korleis staten sine strategar på briljant vis bondefanga Bondelaget. Me skal la det liggje her og heller ta for oss eit av lyspunkta i jordbruksforhandlingane.

For sjølv om totalen ikkje var noko å rope hurra for, så finst det trass alt noko der som det er verd å heise flaget for. Ja, for enkelte bønder kan gjennombrotet for ei maskinteknisk rådgjevingsteneste uavhengig av maskinbransjen, spare dei for meir pengar enn dei kunne ha drøymt om i eit gulloppgjer frå staten. For pengar spart er pengar tent, og for å tene pengar, treng ein gode råd når ein søkjer råd.

I sluttprotokollen i jordbruksoppgjeret står det at ein har sett av 1,5 millionar kroner til maskinteknisk rådgjeving i regi av Norsk Landbruksrådgiving. Rett nok står det også at tilskotet til dette føremålet skal trappast ned over fem år, men det må vere lov å håpe at me endeleg skal lykkast med å byggje opp ei rådgjevingsteneste for bønder som er uavhengig av maskinbransjen. Ikkje eit vondt ord sagt om alle dei flinke seljarane som gir råd når bønder skal investere i nye bygg og maskinar, men ingen kan vente at lojaliteten deira skal liggje hos bonden. For å setje det litt på spissen: Ein seljar si oppgåve er å leite fram det finaste og dyraste utstyret firmaet kan by på, og som du har sjansen til å betale for, og selje deg det.

Det har vore eit problem i Noreg at bønder har hatt få stader å søkje uavhengige råd. Når ein skal investere hundretusenvis av kroner i maskinar, for ikkje å seie mange millionar kroner i bygningar, i-mek og maskinar, kan mange ha stor nytte av å rådføre seg med ekspertar som ikkje tener pengar på å selje bonden den eine eller andre løysinga.

Kjell Mangerud er blant dei som har kjempa for ei uavhengig maskinteknisk rådgjevingsteneneste i mange år. Nå har gjennombrotet endeleg komme. Utfordringa nå er korleis me kan komme vidare. Det neste steget må vere å byggje eit kompetansemiljø som kan utdanne og rettleie ekspertane. For dei uavhengige ekspertane må jo komme frå ein stad, og den staden har me ikkje i dag. Det mest nærliggjande er å satse på Blæstad.


Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
Dag Idar Jøsang
Dag Idar Jøsang

Journalist i Norsk Landbruk

Siste innlegg

Staten må rydde opp i Hakloa-saken

Etter 13 års kamp om å få kjøpt gården og barndomshjemmet Hakloa Vestre, vant Jo Arne Ødegård endelig fram i Høyesterett. Men gleden ble kortvarig. En statlig tabbe gjør at Ødegård må starte søknadspr…

Virkelighetsbeskrivelse er ikke syting

En dag i november var jeg på landbruksminister Lars Peder Brekk sitt kontor sammen med noen av finalistene til tittelen «Årets unge bonde». De har valgt gårdbrukeryrket fordi de vil være sin egen herr…

Får vi redskapene vi har bruk for?

Norge er et lite land. Vi er relativt få bønder, og antallet minker fra år til år. Økonomien er presset, og kostnadene øker nådeløst. Noen velger å satse, andre velger å gi seg fordi både tida og nødv…

Kan mindre støtte gi flere gårdbrukere?

Jeg kunne i grunnen godt tenke meg å bli sunnere og tynnere ved å spise mer godteri, tjene mer ved å jobbe kortere dager, redusere strømregningen ved å dusje lenger, redde klimaet ved å kjøre mer bil …

En kan’ke irritere seg over det!

Å bo i bynære strøk eller der byfolk ferdes, kan til tider teste selvbeherskelsen. Spesielt når enkelte synes det er helt greit å gå tvers gjennom åkeren din. Noe denne historien viser.

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

Frå venstre: Reidun Pommeresche, Bioforsk Økologisk, Norge, Jerry Cross, East Malling Research, United Kingdom,Atle Wibe (koordinator),Bioforsk Økologisk, Ilze Priekule, Latvian Plant Protection Research Centre, Latvia, Nina Trandem, Bioforsk Plantehelse, Anna-Karin Borg-Karlson, KTH, Sverige, Catherine Baroffio, Agroscope Changins-Wädenswil ACW, Switzerland, Lene Sigsgaard, University of Copenhagen, Denmark og Ilze Apenite, Latvian Plant Protection Research Centre, Latvia. Foto: Anita Land, Bioforsk

Skal forske på duftfelle for jordbærsnutebille og hårete engtege

Norge, England, Sverige, Sveits, Danmark og Latvia satsar til saman over 6,5 millionar kroner for å bli kvitt farlege sprøytemiddel i dyrking av jordbær og bringebær.

Landbruket bidrar sterkt til økte eksportinntekter i Danmark

Storfeskolen gir nå studiepoeng

Rekordpriser under årets første pelsauksjon

Skogbruket merker krisen i Europa

Mer meitemark der grønnmassen blir liggende

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.