Skjønt, om ein ser på mange av maskinane som finst i det norske
landbruket i dag, er det ein god del av dei som blei vurderte som
uaktuelle i Noreg berre for få år sidan.
Det er også gøy å vere til stades på grasdemonstrasjonar. Sjølv om
maskinleverandørane har ein tendens til å vise fram dei største og
gjevaste maskinane først, viser dei sjølvsagt også fram maskinar
som er midt i leia for den jamne norske bonden og
entreprenøren.
I år hadde Forum Ku på Jæren invitert landbruksmaskinbransjen til
ein felles grasdemonstrasjon. I staden for at Felleskjøpet
inviterte sine potensielle kundar til grasdemo med utstyr frå sine
leverandørar, Eiksenteret med sine leverandørar og Lantmännen med
sine og så vidare, var alle samla på nøytral grunn på Nærbø. Der
fekk me sjå alt frå Claas og New Holland sine sjølvgåande
finsnittarar, til meir vanlege syn som slepeslåmaskinar frå Kuhn og
Kverneland og rundballeutstyr frå Orkel og Krone. Her var alle
samla på nøytral grunn på Nærbø.
Det blei ein svært vellykke grasdemonstrasjon. Kanskje med unntak
av kvaliteten på graset, og at utfordringa for ein del av maskinane
dermed blei vel tøff. Eit heftig regnvêr dagen og natta før gjorde
nemleg at ingen andre enn demokjørarane vurderte noko slåttonn den
dagen. Elles ville nok den tidlege våren gjort at svært mange
heller ville ha prioritert å få eige gras i silo eller ballar.
Ulempa når ein skal vise fram veldig mange maskinar, er naturlegvis
at det ikkje blir tid til å demonstrere maskinane grundig. Vêret
gjorde også at det ikkje blei noko av dei planlagde prøvekjøringane
etter at sjølve demoen var over. Det var det rett og slett for
bløtt til.
Fordelen med ein felles grasdemo var sjølvsagt at ein fekk sett
mange ulike maskinar i aksjon, og at ein dermed kunne samanlikne
prestasjonane. Ein glimrande idé, som veldig mange sette pris på,
både blant dei som viste fram maskinar og dei som var der for å sjå
på.
Tanken om å samle landbruksmaskinbransjen til ein felles
grasdemonstrasjon, kom etter eit liknande arrangement med
fullfôrvogner i fjor. Leiaren i Forum Ku, Bjørn Høyland, fortel at
dei neppe vil ta på seg å arrangere ein tilsvarande
grasdemonstrasjon neste år, men at det kan bli ein demonstrasjon
med eit anna tema.
Men ideen og gjennomføringa var etter underteikna si meining så god
at felles grasdemonstrasjonar, og andre fellesdemonstrasjonar for
den del, er noko ein bør vurdere både på Jæren og andre stader i
landet. Det var rett og slett eit glimrande tiltak. Tipset frå
Forum Ku er gratis.











lurer mer på hvorfor ikke HiNT er tatt med ? UMB er ikke det eneste stedet her i landet som utdanner kvalifiserte landbruksrådgivere.
Behov for landbruksrådgivere med spisskompetanse