I alle fall å nesten stå saman. Så samde at alle norske bønder kan vere medlemmer i ein interesseorganisasjon har ein aldri vore. Ei heller så samde at alle er medlemmer i samvirkebedriftene, og det finst også bønder i andre politiske parti enn Senterpartiet. Knivinga innad i Bondelaget og Småbrukarlaget, og mellom dei, kunne vore eitt tema. Konkurransesituasjonen mellom samvirkebedriftene og dei private aktørane, herunder matvarekjedene sitt forsøk på å bringe maten nesten heilt frå jorda og fram til bordet, eit anna tema.
Eg vil i staden ta føre meg landbrukspolitikken si stilling i det politiske landskapet. I Bondevik I-regjeringa lét Anne Enger Kristeleg Folkeparti få landbruksministeren. Senterpartiet hadde ingenting å vinne på å ha ministeren. Det var betre at bøndene var sinte på ein KrF-statsråd. Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete har vald ein annan strategi. Dei har sett det som eit viktig mål å få styre Landbruks- og matdepartementet. Det har i alle fall vore viktig å hindre at korkje Ap eller SV får styre Landbruks- og matdepartementet.
Problemet med å gi makta over Landbruks- og matdepartementet til SV, ville vore at partiet ikkje har ein landbrukspolitikk. Problemet med Ap er at dei snart ikkje har ein landbrukspolitikk dei heller. Det er nesten ikkje ein Ap-politikar igjen på Stortinget med interesse for landbrukspolitikk. Då lagar ikkje partiet landbrukspolitikk heller. Når Venstre nesten er utradert, og KrF kryp nedover mot sperregrensa, er det lite å hente der også. Då står ein igjen med eit Høgre som er som Ap: Dei er uinteresserte. Og så har me eit Frp som meiner at rasjonalisering er noko ein nå må byrje med. Som om landbruket har vore statisk sidan krigen. Der i garden er målet med landbrukspolitikken helst å skaffe pengar til andre ting.
Resultatet er at det nesten ikkje er nokon igjen å diskutere landbrukspolitikk med. For det første er kunnskapsløysa stor, og for det andre er interessa fråverande. Det blir som å spørje ein thai med svake engelskkunnskapar om han har forstått spørsmålet. Du får eit ja til svar uansett. Det nyttar like lite å argumentere for å auke eit kvotetak som for å senke det, dersom interessa for å lytte til bodskapen er fråverande. Det nyttar lite å snakke varmt om å vri eit tilskot dersom tilhøyraren tolkar alt inn i rammene for annan næringspolitikk, eller har som mantra at det nå er på tide å starte med rasjonalisering i landbruket.
Dessverre har me fått ein politisk røyndom der nesten all landbrukspolitikk er gøymt vekk i eitt parti. Paradoksalt nok har suksessen med å vinne bøndene for sin politikk blitt ille for Senterpartiet. Det beste for landbruket hadde vore om også dei andre partia hadde hatt politikarar som kjempa for sitt parti sin landbrukspolitikk.











Noen som har opplysninger om en SESAM SWING millitær kran?? Gjerne med manual