Kvifor er det ingen som har oppdaga det som var i ferd med å skje? Kvifor er det ingen som har varsla eller tatt affære?
Kvart enkelt tilfelle har si individuelle forklaring. Ingen saker er like. Dette skal handle om dei tilfella der ein veterinær kunne og burde ha oppdaga at dyrevelferden på ein gard ikkje var slik han burde ha vore. Der veterinæren har svikta si oppgåve som veterinær, etter at gardbrukaren har svikta som gardbrukar. For det skjer at veterinærar ser gjennom fingrane med dårleg dyrevelferd når dei burde ha varsla.
Det er eit problem me skal ta på større alvor. Landet vårt er nå ein gong slik at reiseavstandar set visse grenser for kor mange gardsbruk ein veterinær har i sitt distrikt. Mange stader er ikkje mobiliteten blant veterinærar veldig stor. Mens mange distriktskommunar slit med å få legar og tannlegar til å bli så lenge at dei får helse på alle pasientane sine før dei drar igjen, er omsettinga av veterinærar ei heilt anna. Veterinærar er ofte svært stabil arbeidskraft.
Det er det sjølvsagt både pluss- og minussider med. På plussida er det at veterinærane får tid til å bli godt kjende med både kundane og dyrehaldet på gardane. Dei får tid til å byggje opp eit kjennskap og ein historikk om kvar gard. Der ein lege, som er i bygda nokre få veker, månader eller kanskje eitt år eller to, knapt får følgje eit heilt sjukdomsforløp hos ein pasient, får gjerne ei ein veterinær følgje buskapen gjennom mange generasjonar av kyr, sauer, griser eller kva dyreslag det måtte vere.
Når veterinæren er flink, er dette som regel eit gode for gardbrukaren. Det er når gardbrukaren sviktar, problemet kan oppstå. Problemet oppstår fordi kjennskap blir til venskap, og at det for nokon då blir vanskeleg å halde ein profesjonell distanse. Det er vanskeleg å finne noko anna forklaring på at ein veterinær lukkar augo og ser ein annan veg når dårleg dyrevelferd får utvikle seg på ein gard som har regelmessig besøk av veterinær. Når kritikkverdige forhold for dyra på garden, får utvikle seg utan at det blir tatt skikkeleg opp med gardbrukaren eller rapportert vidare. Når dei kritikkverdige forholda til slutt endar med dyretragediar, trass i at dei både kunne og burde vore hindra.
Det er sjølvsagt ikkje ønskjeleg at veterinærar skal unngå å skape eit godt personleg forhold til gardbrukarane dei arbeider hos, men veterinærar må skape ein indre justis og etiske haldningar som gjer at dyra dei har tilsyn med, står over kjennskap og venskap til dei som mishandlar dyra.
«Eit av spørsmåla eg ofte sit igjen med etter ein dyretragedie, er kvifor han ikkje har blitt avverga?»






Hei! Jeg lovet at vi skulle trykke svar til alle spørsmålene vi har fått inn i nr. 4 eller 5 av Norsk Landbruk. Dessverre viste det seg ikke mulig å få ti
Ti ting du bør vite om odel