Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

8 581 mjølkebruk i Noreg

Dei disponerer ein kvote på ca. 1 603 mill. liter kumjølk.

Medan mengda mjølkeprodusentar går jamt nedover, har gjennomsnittskvoten auka. (Foto: Marit Glærum)

Talet på føretak med kumjølkproduksjon har gått jamt nedover dei siste 15 åra. Tal for kvoteåret 2017 viser at det er 8 581 mjølkeproduksjonsforetak i Noreg, skriv Landbruksdirektoratet.

Frå 2003 til 2017 er det ein reduksjon på om lag 51 prosent.

Statistikken viser at utviklinga i mjølkeproduksjonen går i retning av færre, men større mjølkeprodusentar. Medan mengda produsentar går jamt nedover, har gjennomsnittskvoten auka.

Omsetning av mjølkekvotar

Ordninga for omsetning av mjølkekvotar vart innført i 1997. I åra etter 2000 har sal av kvote vore fallande. I 2015 auka salet noko frå føregåande år.

I perioden 2005–2013 ser vi også ein nedgang i talet på produsentar som ønskjer å kjøpe kvote. Frå og med omsetningsrunden 2014 auka talet på kvotekjøparar.

Annonse

Det er også stor etterspurnad i fleire produksjonsregionar samanlikna med kor mykje kvote som er tilgjengeleg innanfor kvar region, skriv Landbruksdirektoratet.

Geitemjølkkvotar

Det har vore ein stor nedgang i talet på geitemjølkprodusentar frå 589 føretak i 2003 til 288 i 2017.

128 geitemjølkkvotar er heilt eller delvis leigde ut.

Neste artikkel

Dobbelt så høy dødelighet hos frittgående høns