Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Betre smak på nytt kalvekraftfôr

Fiskå lanserer nytt kraftfôr for spedkalvar.

Om anden til kalvane uktar betre er ikkje lett å seie, men kalvane synes tydelegvis at kraftfôret TopKalv Pluss både luktar og smakar betre enn gamle TopKalv. Foto: Frida Meyer

Mjølkebonde Magne Helleland var misnøgd med lukta, smaken og fôropptaket på kraftfôret han bruker på kalvar til dei er 12-14 veker gamle, og utforda Fiskå Mølle til å endre resepten. Det siste halvåret har jærbuen vore ein av 12 forsøksvertar for eit nytt kraftfôr, som har fått namnet TopKalv Pluss.

– Å få til eit høgare kraftfôropptak hos kalvane har vore mi store utfordring, og erfaringa mi er at dei likar det nye kraftfôret veldig godt. Det smakar tydelegvis mykje betre enn det gamle kraftfôret, seier Helleland.

Gjer det meste feil

Dei siste åra har 57-åringen arbeidd mykje med å forbetre kalvestellet, og søkt kunnskap i både inn- og utland. Det har gitt han mange aha-opplevingar.

I eit halvt år har tolv fôrvertar vore med å testa TopKalv Pluss for Fiskå Mølle. Foto: Frida Meyer

– Eg synes eg gjer kalvestellet ganske bra, trass i at eg har funne ut at eg gjer det meste feil. Eg har mellom anna lært at det er kraftfôret, ikkje grovfôret, som utviklar vomma til kalven. Då blir kraftfôret veldig viktig, seier han.

Då jærbuen byrja å teste kraftfôr frå Felleskjøpet oppdaga han at kalvane heller ville ha det enn den gamle TopKalv frå Fiskå Mølle. Men i staden for å bytte kraftfôr for godt utfordra han Fiskå til å lage eit nytt kraftfôr. Det var ei utfordring kraftfôrprodusenten tok.

– Som Fiskå-kunde syntes eg det var for ille at eg måtte bruke kraftfôr frå Felleskjøpet, så derfor utfordra eg dei til å lage eit nytt kraftfôr. Eg har testa fire ulike kraftfôrtypar i flaske med smokk for å sjå kva type kraftfôr føretrekte.

Fiskå tok utfordringa

Kjell-Rune Vik, som er produktsjef for drøvtyggarfôr, og Fiskå Mølle tok den utfordringa.

Annonse

– Den gamle TopKalv blei lansert i 2010, og kunnskapen har utvikla seg sidan den gong. Vi har brukt kunnskapen i det breie nettverket vårt ute i Europa for å utvikle det nye fôret. Som produsent av fôr til spedgris og kylling har vi tilgang på lettfordøyelege spesialråvarer, som vi tidlegare ikkje har brukt i drøvtyggarfôr, og eigne forsøk som er gjort med desse i utlandet har vist at kalvar veks betre på slike råvarer dei første 12 til 14 vekene, seier Vik.

Produktsjefen for dryøvtyggarfôr, Kjell-Rune Vik, tok utfordringa med å lage eit meir smakleg kalvefôr då Fiskå Mølle blei utfordra på det. Foto: Privat

Prisen på det TopKalv Pluss er for tida 60 øre dyrare per kilo enn TopKalv.

– Tilbakemeldinga me har fått er at dette kraftfôret minst er på høgde med alt anna kraftfôr som finnes på marknaden.

Lettfordøyeleg råprotein

Det nye fôret til Fiskå inneheld ein høgare dose lettfordøyeleg råprotein, som i følgje forsøk i utlandet gir betre tilvekst på unge kalvar, samanlikna med vanlege proteinråvarer. Også innhaldet av tungtløyseleg stivelse er blitt høgare ved at bygg og kveite er mellom anna erstatta med mais. For å gi fôret betre smak har kraftfôrprodusenten auka mengda med sukker og roesnittar. I følgje forsøksvertane toler kalven meir enn tre kilo kraftfôr i den kritiske tida etter avvenning.

Fiskå har også tru på at tilsetting av medium lange feittsyrer i kalvefôret bidrar til at kvite blodceller lever lenger enn normalt, utan at produksjonen av kvite blodceller blir redusert. Effekten av det trur kraftfôrprodusenten er med å styrke immunforsvaret, og viser til forsøk som tydeleg demonstrerer at kalvane treng færre behandlingar for hoste og diaré. I eit forsøk dei gjorde med 52 kalvar vaks kalvane betre på eit lågare fôrforbruk per kilo tilvekst.

5 millimeters pellet

Både kalsiumkjelda og mengda kalsium i fôret er endra for at saltsyra i løypemagen skal få større effekt, noko kraftfôrprodusenten meiner skal vere med å gi mindre diaré.

Ein svært synleg endring frå TopKalv er at pelleten har blitt større. Diameteren har auka frå tre til fem millimeter. Det er ei endring Fiskå har gjort fordi erfaringa viser at kalvar likar kraftfôrtypen Fiskå Sau/Lam Appetitt betre enn Fiskå TopKalv. Ei av årsakene er at lammekraftfôret inneheld mykje roesnittar.

Neste artikkel

Vil ha Vestfolds melkebønder over på løsdrift