Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar fleire farlege møte mellom folk og fe

Fleire kyr og kalvar og ferske ammekubønder kan gi fleire ubehagelege møter på beite.

Hugs ansvaret du som eigar har for dyra du slepp ut på beite. Foto: Marit Glærum

Mange stader rundt om i landet ferdast nå kyr, kalvar og turgåarar nå på dei same beitene. Som oftast er det heilt uproblematisk, men ikkje alltid. Av og til oppstår det situasjonar der kyr blir aggressive mot store og små tobeinte, og særleg mot deira firbeinte turkameratar.

Den som slepp dyr på beite har sjølvsagt eit ansvar for dyra sine, og det er viktig at dyr som har vist avvikande åtferd, enten i fjøs eller på beite, ikkje skal ut der dei kan treffe på turgåarar og andre framande folk.

Som bonde må ein ta utgangspunkt i at den allmenne kunnskapen om dyr si åtferd er noko avgrensa hos folk flest. Derfor oppfordrar Tyr, som er avls- og interesseorganisasjonen for norske storfekjøtprodusentar, både bønder og turgåarar om å skaffe seg meir kunnskap om korleis me unngår uønska situasjonar mellom mennesker, ammekyr og kalvar.

Turgåarar må passe seg for å komme mellom mor og kalv. Foto: Dag Idar Jøsang
Annonse

Folk skal vere klar over at ammekyr i utgangspunktet ikkje er aggressive, men at instinktet til kyr som føler at kalven er truga gjer at dei kan bli aggressive. Kor sterkt dette instinktet er varierer frå ku til ku, og det avtar gjerne jo eldre kalven blir.

Mest beskyttande er kua overfor rovdyr, og hundar vil ofte bli oppfatta som rovdyr. Det er svært viktig å halde hundar i band når ein går blant beitande dyr, men dersom ei eller fleire kyr opptrer trugande skal ein sleppe hunden. Då vil hunden få ein sjanse til å stikke frå kyra, og samstundes vil kyra vere meir interesserte i å jakte hunden enn å angripe menneske.

Tyr sitt råd til folk som møter på beitande storfe er å opptre roleg, vise omsyn og halde avstand til dyra. Sjølv om dyra er rolege skal ein ikkje oppsøke eller gå mellom dyra, og ein skal særleg passe seg for å ikkje komme mellom kua og kalven hennar.

Hugs også at ei bøtte med bær kan bli tatt for å vere ei bøtte med kraftfôr.

Viss du som turgåar ser eller opplever noko på beite som ikkje er som det burde, så hugs at alle husdyrbønder er takknemlege for å få ei melding om dette. Om du ser etter fargen på øyremerka, og eventuelt klaven på bjella, så kan den lokale landbruksforvaltninga hjelpe til med å finne ut kven som eig dyra.

Neste artikkel

Leverer Staur-kandidater på løpende bånd