Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her gjekk mjølkeproduksjonen mest ned

Det blei produsert 8 millionar liter mjølk mindre frå januar til mai.

Trøndelag har stått for den største nedgangen i mjølkeproduksjonen så langt i år. Illustrasjonsfoto: Liv Jorunn D. Sagmo

Norske kumelkbønder har levert åtte millionar liter melk mindre enn på same tid i fjor, viser tal frå Tine. Det tilsvarar ein nedgang i produksjonen på 1,2 prosent.

Størst var nedgangen i melkeproduksjonen i Trøndelag, som etter fylkessamanslåinga er den suverent største mjølkeregionen i landet, med ein produksjon på 138,7 millionar liter dei fem første månadane i år. Det var 5,65 millionar liter mindre enn i same periode i fjor, noko som tilsvarar ein nedgang på 3,9 prosent.

Møre og Romsdal er det fjerde største mjølkefylket i Noreg. Her blei produksjonen redusert med 2,4 millionar liter, som tilsvarar ein nedgang på 3,5 prosent.

Det femte største fylket målt i produsert mjølk er Sogn og Fjordane. Her gjekk produksjonen ned med nesten 1,5 millionar liter mjølk, eller om lag 2,8 prosent.

Målt i prosent var det i Oslo at mjølkeproduksjonen hadde gått mest ned ved utgangen av mai, med 4,8 prosent. I volum utgjorde det likevel berre 9 000 liter.

Annonse

I fire fylke var produksjonen høgare enn på same tid i fjor: Finnmark, Troms, Buskerud og Rogaland. Målt i prosent auka mjølkebøndene i Finnmark produksonen med 6,7 prosent, eller vel ein halv million liter. Nesten like stor er produksjonsauka i Troms, og i Troms utgjorde auka 3,8 prosent.

Målt i volum var det i Rogaland, som nå er passert av Trøndelag som den største volumprodusenten av mjølk, som auka produksjonen mest, med 758 000 liter mjølk. Det tilsvarte ei auke på 0,9 prosent. Buskerud produserte 281 000 liter meir dei fem første månadene, ei auke på to prosent samanlikna med i fjor.

Produksjonen av økologisk mjølk har gått ned med 598 000 liter, eller 2,7 prosent. Til saman blei det produsert vel 21,5 millionar liter økomjølk frå januar og ut mai.

Neste artikkel

Kyr har kortere levetid hos yngre bønder