Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Innmarksbeite til sau

Godt beite er det rimelegaste og beste grovfôret sauen kan få.

Søyer på haustbeite i Øyer. Foto: Marit Glærum.

- Det aller viktigaste er å ha ein god plan for beitinga, og særleg er det viktig dersom du ikkje har tilgang til utmarksbeite, seier Finn Avdem som er fagsjef for småfe i Nortura.

Fôrbehovet til sauane er stort i periodane med høg produksjon, noko som gjer at kvaliteten på beite som skal brukast må vera god.

- Du kan spara mykje kraftfôr om du har gode beite særleg på våren og til sluttfôring av lam om hausten. Ingenting kan måle seg med fôrkvaliteten på ungt beitegras, påpeiker han.

Les også: Er du klar til lamminga?

FINT FOR SAUEN

Berekningar har vist at trillingsøyer på godt vårbeite fint kan produsere 750 – 1000 gram lammetilvekst per dag utan kraftfôr. For å få til dette må søya ete mellom tre og fire FEm per dag. Tal frå NILF visar at kostnadane for bonden ved å produsere ein FEm på beite er halvparten av kva det kostar å laga ein FEm med rundballesurfôr. Det kan med andre ord vera god økonomi i å ha gode beite.

- I tillegg gjev beitebruk sauane mosjon og moglegheit til å utføre naturleg åtferd. Det er god dyrevelferd å ha sauen på beite, seier fagsjefen.

Annonse

Nortura og Norsk Landbruksrådgiving har utarbeida gode råd til korleis du best mogeleg utnyttar innmarksbeita dine, og dei kan du lese i Norsk Landbruk nr 6 som er ute no.

Ikkje abonnent?

Bli det her!

LES OGSÅ:Vellykket kopplamoppdrett.

LES OGSÅ: Sauebønder med ny app for beitebrukere.

Neste artikkel

Dobbelt så høy dødelighet hos frittgående høns