Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Siste tur for Melke-Lars

Etter nesten 50 år er det siste dag på jobben for Lars Falkeid. TV Haugaland var med.

Lars Falkeid (71) fekk aldri lov til å velge yrke. Faren, som også heitte Lars, ga han klar beskjed om at det var melkebilsjåfør han skulle bli.

– Her skal du vere. Det er ingenting å diskutere, sa han. Far var også melkebilsjåfør i 50 år og ville vore kry om han hadde levd i dag, seier den nyleg pensjonerte melkebilsjåføren frå Haugesund til TV Haugaland sin reporter, Knut Netland.

I 48-49 år har den uvanleg godt likte haugesundaren henta mjølk på Haugalandet. Først ti år på Karmøy, så i Tysvær frå tidleg på 80-talet og på Bokn frå øyane blei landfaste i 1990.

Annonse

– Eg kan hugse at at eg måtte suge opp mjølk frå mjølkespann, og det var fleire gardar som berre hadde to kyr. Nå hentar eg mjølk hos både andre og tredje generasjon. Eg kjenner kvar bonde. Det er akkurat som eg er i slekt med dei, fortel han i reportasjen.

Men nå har Lars Falkeid kjørt sin siste tur for Tine. Ein institusjon har takka for seg og du får mellom anna vere med til Einar Høyvik (82), som alltid har sagt at han skal gi seg med mjølk den dagen Lars Falkeid sluttar å hente mjølka.

Neste artikkel

Kyr har kortere levetid hos yngre bønder