Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Suksess med klauvskjering kvar veke

– Noko av det viktigaste eg gjer, meiner Kristian Skrettingland.

Klovskjerar: Kristian Skrettingland lærte å skjere klauver for eit par år sidan. Det meiner han at han har svært mykje igjen for. Foto: Dag Idar Jøsang

Holstein-buskapen til Kristian Skrettingland leverer per dags dato 11 300 kilo energikorrigert mjølk i året. Avdråtten aukar framleis, månad for månad.

Det er mange årsaker til at dei rundt 50 mjølkekyrne på Varhaug greier å levere 600 tonn mjølk i året. Ei av dei er systematisk klauvskjering. 36-åringen skjer klauvene på tre til fem kyr sjølv kvar måndag. Første gong på 35 til 42 dagar etter kalving, deretter på 135 til 142 dagar etter kalving og ringen blir slutta med klauvskjering to til tre veker før avsining.

KLAUVSKJERING PÅ GUNSTIG TIDSPUNKT

– Poenget med intervalla er dei er på gunstige tidspunkt for kua. Med det første intervallet har kua kalva og er i ferd med å komme i positiv energibalanse. Kua er ennå så tidleg i laktasjonen at den ikkje er inseminert, så klauvskjeringa gir ingen stor påkjenning for kroppen. I det andre intervallet, mellom 135-142 dagar skal kua ha vore drektig ein månads tid. Då er kua på toppen i yting og klar for å cruise inn mot avsining. Heller ikkje då forstyrrar klauvskjeringa. Den siste klauvskjeringa i løpet av laktasjonen gjer eg to-tre veker før avsining. Eg veit ikkje kor mykje det betyr, men celletalet aukar etter skjering og derfor vil eg ikkje gjere det mens kua er under avsining. Det er viktig at kyrne kalvar inn på friske og gode klauver, slik at dei er fit for fight, seier han.

Les også: Mjølkeprodusent med resultat over snittet

– Eg meiner at eg har veldig mykje igjen for å drive med klauvskjering på intervall ein gong i veka. Det er eit dritarbeid, men eg er ikkje i tvil om at det har veldig stor effekt på produksjonen. Det er eit arbeid eg har veldig mykje igjen for, seier han.

Tidspunkt: Å skjere klauvene tre gonger i løpet av ein laktasjon, og alltid på gunstige tidspunkt, er veldig bra for klauvhelsa. Foto: Dag Idar Jøsang

PLUKKA OPP KUNNSKAP

Klauvskjeringa lærte Kristian Skrettingland av ein rutinert klauvskjerar som gjorde ting på gamlemåten. Han trødde også støttande til med rettleiing dei første gongene. Han har også studert rapportar frå amerikanske universitet og plukka opp kunnskap på YouTube.

– Eg blir aldri like flink som ein profesjonell klauvskjerar, men eg kompenserer det med å ta skjeringa på rett tid, og ikkje på alle slags stadium av laktasjonen.

Les også: Redusert kalvedødelighet

I tillegg til å skjere klauver på intervall er han også snar med ta akutte tilfelle. Om ei ku byrjar å løfte på ein fot er han snar med å ta den i klauvskjeringsboksen for å sjå over klauvene, og eventuelt behandle dei.

TREKLOSSAR KURERER SÅLEKNUSING

Annonse

Tidlegare var Skrettingland snar med å sende kyr som sleit med såleknusing til slakteriet. I dag er han snar med å lime på treklossar. Først er det viktig å punktere verken og skrape skikkeleg reint, sjølv om det måtte blø kraftig. Deretter limar han på treklossar som avlastar klauvene. For å ta vekk dei akutte smertene ved behandlinga og hindre at kua sluttar å ete er det også viktig å gi den smertestillande medisiner.

Såleknusing: Kristian Skrettingland limer på slike tresko fra Delotec for å hele knuste sålar.

– Det er mange som brukar plastsko, men mi erfaring er at treklossar er betre fordi dei slites ned på 10 til 14 dagar og gradvis belastar klauvene meir. Tidlegare var eg snar med å sende ei ku med knust såle til slakteriet, og tenkte ikkje meir på det, men nå kan kua få fleire kalvar etter ei behandling.

SPART INN PÅ EITT ÅR

Skrettingland har ein enkel klauvskjeringsboks med elektrisk løft av kua og sveiv på beina. Boksen kosta 50 000 kroner og mjøkebonden har rekna ut at han hadde tent den inn på 150 skjerinar, eller om lag eitt år. Den dagen eit nytt sinku- og ungdyrfjøs står klart vil han få plass til å flytte klauvskjeringsboksen inn på spaltearealet i staden for å ha den ståande på fôrgangen. Då vil han også avansere til ein halvproff klauvskjeringsboks.

Les også: Feite kyr er ein flaskehals

– Det vil effektivisere arbeidet ennå meir, slik at det blir ein kjekkare jobb. Ei økt tar kanskje tre timar, så det er ikkje den ekstreme tidsbruken. Å skjere klauver er ikkje den mest interessante jobben eg gjer, og derfor prøver eg å få det gjort kvar måndag slik at eg sleppe å grue meg til det resten av veka., seier han med eit smil.

Om andre tenkjer å gjere som Skrettingland er rådet å plassere klauvskjeringsboksen på ein fast og lett tilgjengeleg plass. Sjølv om han har den i fôrgangen er den alltid operativ og klar.

Ein lengre reportasje frå mjølkeproduksjonen til Kristian Skrettingland stod på trykk i Norsk Landbruk nr. 3 i 2017. Er du ikkje abonnent? Då kan du bestille abonnement her.

Neste artikkel

Ønsker mer økomelk, men på rett sted