Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

To sauer og eitt lam drept av lynet

Fleire lam blei morlause og må nå klare seg sjølv.

Lynet slo ned og tok livet til to sauer og eitt lam på Ålgård i Rogaland tirsdag kveld. Illustrasjonsfoto: Frida Meyer.

Ei linje i marka og eitt kryss på ryggen til den eine daude sauen vitnar om dei valdsame kreftene som var i sving på Ålgård tirsdag kveld.

To av sauene og eitt lam hos Jan Inge og Hanna Lomeland måtte bøte med livet etter å ha blitt treft av lynet, skriv lokalavisa Gjesdalbuen.

Annonse

Ein spelsau mista lammet sitt, mens andre lam har blitt morlause. Jan Inge Lomeland seier til avisa lamma normalt ville dia mora litt lengre, men at dei kan beite og følgje dei andre sauene og lamma i flokken, og at dei derfor må klare seg sjølv framover.

Neste artikkel

Når rovdyra herjer