Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alt klaffa for sauebøndene

Auka innteninga med 357 kroner per sau.

Sauebøndene på Haugalandet hadde et godt år i 2014 viser tal frå Tveit Regnskap. Foto: Marit Glærum

Også på Haugalandet viser rekneskapstala at auka inntening er årsak optimismen i sauenæringa. Dekningsbidraget styrka seg med heile 31 prosent frå 2013 til 2014. Om ein gjer om tala til kroner per sau viser det at dekningsbidraget gjekk om med 171 kroner, og enda på 721 kroner per sau.

Les også: Rekordår for bøndene i 2014

Forklaringa på dei gode tala er todelt. Ein del skuldast at utbetalingsprisane steig med 4 kroner per kilo. Det forklarar 104 kroner av oppgangen. Resten av forklaringa er at 2014 kunne by på gode vårbeite, samstundes som mykje snø i høgfjellet fine beite og tunge lam. Gjennomsnittleg slaktevekt auka med ein kilo per lam.

Les også: Høgare avdrått ga meir i kassen

Annonse

I tillegg auka tilskotet frå staten med 186 kroner i gjennomsnitt per sau, og i sum gav dette ein vekst i innteninga per sau på 357 kroner. For sauebøndene på Haugalandet svarar det til 25 000 kroner for eit gjennomsnittsbruk.

Les også: Frå pessimisme til optimisme for gris

Les også: Gode tider, men investerer mindre

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin