Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aukar frå 25 til 76 mordyr

Ein av mange som satsar på ammeku.

Tom Are er ein av 46 bønder i Rogaland som innan søknadsfristen hadde søkt Innovasjon Norge om støtte til å byggje fjøs for ammeku. Med det vil han auke angusbuskapen frå 25 til 76 mordyr.

29-åringen er av typen som berre måtte bli bonde, sjølv om han stod bak i odelskøen. Då han var 19 kjøpte han seg gard, og snart flyttar han og familien heim for å overta farsgarden også.

LES OGSÅ: Flere driver aktivt med avl

– Det var bonde eg skulle bli, men det var aldri eit alternativ for meg å flytte frå Bokn. Då dette småbruket kom til sals fekk eg lån i banken under tvil. Det blei mykje overtidsarbeid som kjøleteknikar den gongen, men heldigvis bidrog finanskrisa til å senke rentene. Då eg kjøpte garden låg rentene på 7-8 prosent, fortel han.

BYGGJER UISOLERT

Det nye fjøset, som ligg eit godt steinkast frå fjerjeleie i Arsvågen, blir eit ganske enkelt og uisolert bygg med 76 liggjebåsar og kanalomrøring.

LES OGSÅ: Gyrd Nannestad ble årets ammekuprodusent

– Slik det ser ut nå, blir det fôrbrett i midten, stasjonær fôrmiksar og fôrbelte i taket, men eg vurderer eit rimelegare fôringssystem så lenge eg kan mikse inn halm. I tillegg blir det ein eigen avdeling for førstegongskalvarar, fortel han.

AGATA SKAL INSEMINERE

Sambuaren, Agata Lizska, har utdanning både som spesialpedagog og dyrlegeassistent frå Polen. Tanken er at ho skal kurse seg og ta seg av insemineringa i den aktive avlsbuskapen når buskapen passerer 60 mordyr. Etter at sambuarane blei foreldre til Wanda i fjor er det Tom som har hatt ansvaret for kalvingane i år, men Agata veit godt kva det ansvaret inneber.

Annonse

Les også: Fjøs til langt under millionen

– For fire år sidan måtte eg også ta ansvaret for heile kalvinga. Tom fekk eit engasjement som kjøleteknikar i Singapore som han nesten ikkje kunne seie nei til, og då måtte eg ta kalvinga. Då han kom heim var det ei ku igjen som ikkje hadde kalva, fortel ho.

Les også: Fryktar ikkje overproduksjon

EI KALVING IGJEN TIL TOM

Kalvingane gjekk nesten utan vanskar. 24 friske og sunne kalvar kom til verda, men med ein kalv var uhellet ute. Den klarte mora å trakke på slik at den brakk foten og måtte avlivast.

Sjå fleire bilete øvst i saka.

Du kan lese meir om dei unge ammekubøndene frå Bokn i nummer 8 av Norsk Landbruk, som dumpar ned i postkassen til våre abonnentar før helga. Er du nysgjerrig på ammekuproduksjon får du også ein guide inn i ammekuverden med tal og fakta om dei ulike rasane det finnes nasjonalt avlsprogram på i Norge. Er du ikkje abonnent? Abonnement kjøper du her.

Neste artikkel

Mindre rauting med gradvis avvenning