Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ber inseminøren nekte å inseminere

Utan trygge arbeidsforhold kan inseminør og veterinær snu i døra.

Nekt: Det er bonden sitt ansvar å leggje til rette slik at arbeidsforholda for inseminørar og veterinærar er trygge. Trond Vidar Berge oppfordrar dei til å nekte å gjere jobben om arbeidsforholda ikkje oppleves trygge nok.

– Det er me som bønder som har ansvaret for å fiksere dyra våre, og leggje til rette slik at det oppleves trygt å jobbe me dei. Om me sviktar i det arbeidet meiner eg at inseminørane må sette ned foten og nekte å gjere jobben, seier Trond Vidar Berge.

Les også: Håper flere får øynene opp for lengre dieperiode

Gjesdal-bonden har både sau og gris, men det er ammekyr som har blitt lidenskapen, og hos Nordåsen Charolais skal det snart reise seg eit bygg for 110 mordyr. Berge har stor respekt for inseminørar, veterinærar og andre som skal nærkontakt med dyra hans, og oppfordrar dei til å sette ned foten dersom dei ikkje føler seg trygge blant dyra.

Les også: Mener melkebruk står for hopp i angus-semin

Ein som har lang erfaring som fjøsvandrar er Torger Nærland. Seminteknikaren har Nærbø som sitt område, og inseminerer både melkekyr, ammekyr og grisar. Han fortel at bøndene stort sett er flinke til å legge til rette slik at han kan utføre jobben sin trygt og sikkert, men at det har vore hendingar i løpet av hans meir enn 20 år lange karriere der han har gått på akkord med sin eigen tryggleik.

HMS: Kyr og kviger skal stå i fanghekk for å gjere det tryggast muleg for inseminørar og veterinærar å arbeide med dyra.

Dei insemineringsjobbane eller drektighetskontrollane han kvier seg mest for er i båsfjøs og kvigebingar utan fanghekk. Der vil han gjerne ha hjelp frå nokon på garden til å halde kontroll på dyra når han utfører jobben sin.

Les også: Her får kalvene gå med melkekyrne i to måneder

Annonse

– I robotfjøs er det oftast veldig greitt, for der kan bonden programmere at kua skal slusast inn i sjukebingen og står klar der når eg kjem. Oftast har eg tilgang på kraftfôr, slik at enkelt kan få kua inn i fanghekken og stenge igjen. Nå kjenner eg dei fleste fjøsane eg skal til så godt at eg ringer før eg kjem for å forsikre meg om at det finnes hjelp om eg treng det, seier Nærland.

Hjelp: Hos Lars Dyre Nærland får Torger Nærland alltid hjelp når han skal inseminere.

Men det hender også at fanghekken i lausdriftsfjøs ikkje fungerer som den skal, slik at andre kyr eller kviger går lause i bingen. Det gjer arbeidssituasjonen i bingen risikofull.

Les også: Ole Bjørn har gentesta 57 kviger

– Men eg har også opplevd ein imek-leverandør som hadde levert ein binge med fanghekk til to-tre dyr, der resten av dyra i bingen gjekk lause. Det hadde dei gjort for å presse prisen ned for ein ny og uerfaren bonde. Då reiste eg opp til leverandøren og sa frå at slikt kan dei ikkje selje, fortel han.

Ein som har stor respekt for jobben til inseminøren, veterinæren og andre som skal arbeide med dyra på garden er Trond Vidar Berge. Han driv Nordåsen Charolais i Gjesdal i Rogaland. Berge går så langt som å oppfordre inseminørar og andre til å nekte å utføre oppdraget dersom tryggleiken ikkje er god nok.

Neste artikkel

Kina vil ha NRF-sæd