Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei milde meistrane

Her lagar dei mjølka til nokre av dei beste ostane i verda.

Dyrevelferd: Far og dotter, Gunnar og Kristin Waagen, er svært opptatt av dyrevelferd. Her er det Lykkelita som få litt kos. Lykkelita var halt som kvige, men med smertestillande og pålimte klossar, blei ho frisk og mjølka over 10 tonn i sin første laktasjon.

For at osten skal smake like godt kvar gong, heile året og år etter år, trengs det mjølk i verdsklasse. Det har Tingvollost. I helga resulterte det i ein gullmedalje, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i World Cheese Awards, der heile 2 727 ostar var med i kåringa.

Tidlegare har blåmuggosten Kraftkar tatt gullmedalje i ostekonkurransen både i 2011 og 2013, men i år var det kvitmuggosten Mild Mester som gjekk til topps. Mild Mester fekk utmerkinga Super Gold og blei best i sin klasse. Osten var ein av 62 ostar som gjekk vidare til kåringa av den beste osten i verda. Her var det den sveitsiske osten Gryère AOP Premier Cru som gjekk heilt til topps.

Ysteriet: Mannen til Kristin, Egil Smith-Meyer, er meieribestyraren i Tingvollost.

Norsk Landbruk besøkte kyrne, som lagar mjølk til nokre av dei beste ostane i verda, vinteren 2014. Me spurte far og dotter, Gunnar og Kristin Waagen, korleis dei greier å produsere mjølk av så høg og jamn kvalitet at det er muleg for Tingvollost å lage ostar som hevdar seg i verdstoppen år etter år. Her kjem ei ønskjereprise.

ALLE KYRA HAR NAMN

– Denne kua heiter Møyfrid. Den har dårleg eksteriør, mjølkar berre på tre spenar og skulle slik sett ikkje vore med oss, men så lenge ho mjølkar over 50 liter om dagen, seier Gunnar Waagen, og lar konklusjonen hengje i lufta.

Bloggen: Gode historier

Rosalita er ei av 60 mjølkekyr på Saghaug gard i Torjulvågen på Tingvoll. Ho lagar mjølk for både Tine og Tingvollost, i tillegg til kalv ein gong i året. Rosalita si mor heitte Rauros, eit namn som byrja på R, akkurat som døtrene hennar har. Alle kyr og kviger på Saghaug 
gard har namn, og det er kunamna som blir brukte når Gunnar Waagen og dottera, Kristin Waagen, snakkar saman om drifta i fjøset. Deira driftsfilosofi er at god dyrevelferd både lønner seg og gjer drifta meir interessant. Begge veit kor mykje kyrne mjølkar og kjenner særeigne trekk ved kvar ku.

Namn: Alle kyra og kvigekalvane blir omtalt med namn. Kalven Isfly er dotter av Isgull og 10673 Engebakken. Isgull, som var førstegongskalvar, mjølka allereie då 37 liter mjølk per dag.

– Det handlar om å sjå dyra. Me brukar aldri nummeret når me snakkar om kyrne oss imellom. Då er det for eksempel Iselilja eller Vakre Anna. Det er ikkje vanskelegare å hugse namn på 200 dyr enn på 200 menneske, og når ein er så nerdete som oss, veit me også kva slekt dei tilhøyrer. Dei som arbeider i fjøset hos oss, likar ikkje at dei ikkje kan namna, så dei har skrive ut ei liste som dei puggar på do, fortel Gunnar med eit smil.

KRISTIN SITT VAL

Rett før jul i 2008 flytta kyrne som lagar mjølka til suksesshistoria Tingvollost, inn i robotfjøset. Det gamle båsfjøset med 24 båsplassar har blitt til herreavdeling. Familien etablerte Tingvollost nesten fem år tidlegare, og fjøset blei bygd vegg i vegg med ysteriet, som stod ferdig hausten 2006. Satsinga var Kristin sitt val. Om ho på sikt skulle overta garden, var føresetnaden å drive med lausdrift og robot. Ideen om å starte med osteproduksjon, kom fordi ho ville skape eit levebrød for fleire på garden. Ti år seinare er dei elleve. Fire i gardsdrifta og sju i ysteriet.

– Foreldra mine skal drive garden i sitt namn til 2016, men det er mitt val at me har satsa som me har gjort dei ti siste åra. Me arbeider godt saman, og eg ønskte ikkje å ta over før far min er 62, fortel ho.

Parallelt med at Tingvollost blei etablert, arbeidde Kristin som fagrådgjevar i Tine. 
Ei av arbeidsoppgåvene hennar var å teikne fjøs for andre. Ho visste derfor godt korleis ho ville byggje sitt eige fjøs. Lausdrifta skulle ha tre rekker på kusida og kviger og kalvar på den andre sida, men viktigast av alt: Det skulle byggjast etter tilrådde mål og ikkje etter minimumsmål.

Les også: Grasmelk kan være mulig i Norge, mener eksperter

– Mine fjøsbiblar har vore «Hus for storfe» av Helsetenesta for storfe og Felleskjøpet si bok «Kusignal». Ingen skulle hatt lov til å byggje fjøs utan å ha lest desse bøkene, meiner ho.

GOD PLASS

På kusida har Waagen sørgja for godt med plass til 60 kyr. Her er gangar, tverrgangar og vente­areal, slik at også lågt rangerte kyr finn ro. 
Så langt har ikkje ei einaste ku blitt rangert ut som følgje av mobbing, eller at ho ikkje har funne seg til rette på grunn av rangposisjonen. 
Det er plass nok til at kutrafikken flyt fint. Mellom liggjebåsane, der kyrne ligg snute mot snute, er det ein god halvmeter.

Intimsone: Kyr har også intimsonar og likar ikkje å ligge tett snute mot snute. Derfor er det ein god halvmeters avstand mellom liggebåsane.

– Kyr likar ikkje å liggje snute mot snute meir enn folk gjer det. Derfor ser ein ofte at kyr ligg i annan kvar bås når det ikkje er avstand mellom. At kyrne har det så bra som mogleg så lenge dei er hos oss, er også eit etisk spørsmål. Det er ille for dyra og samtidig dårlig økonomi for oss om dyra ikkje har det optimalt, seier Kristin Waagen.

REGELMESSIG KLAUVSKJERING

Rutinen er å skjere klauver den 20. i kvar fjerde månad, altså tre gonger i året. Når ei ku haltar eller får ei kul på ryggen, blir ho styrt inn i klauvboksen av ein utskillar etter at ho har vore i roboten. Om nødvendig blir det limt på klossar på klauvene. Om ei ku kan bergast, 
så blir det gjort forsøk på å berge den.

Sko: Halte kyr får ein sjanse til å komme seg på beina igjen. Her ei ku som har fått klossar på klauvene for at dei skal legast.

– Der me limer på klossar, er det nok mange som ville ha sendt kua til slakt. Det er i grenselandet for kva som blir vurdert økonomisk lønnsamt, men me tenkjer at skal du ha netto på husdyrhaldet, må du få mest mogleg ut av kvar ku, både når det gjeld mjølk og kjøt. 
Det er ikkje lønnsamt å utrangere ei ku som ikkje har kjøt på beina, og det er veldig lønnsamt når me greier å berge ei ku. Det siste året har me nesten like godt oppgjer frå Nortura som frå Tine, fortel han.

ROLEGE KYR

Kristin og Gunnar Waagen ønskjer ikkje å framstå som bønder som er sjølvgode flinkisar, som meiner at alt dei gjer er perfekt. Dei likar å ha kontroll og god dyrevelferd, men er klare på at dei har veldig mange område der dei kan bli betre.

Les også: Slik blir kumøkk til varme og strøm

– Gi meg 20 minutt, så skulle eg lett lista opp 
hundre punkt me kan forbetre oss på, men me jobbar med det heile tida.

Velferd: Det er lita tvil om at den roterande kubørsten er eit godt velferdstiltak.

Me ruslar rundt i fjøset, men ingen av kyrne lar seg stresse av ein framand journalist. Tvert om. 
Så snart me stoppar opp, kjem det kyr bort for å kose og bli klappa på. Den viktigaste årsaka er sjølvsagt at det er ofte at menneske minglar med kyrne. Minst fire gonger om dagen. Først ein gong om morgonen, så tar ein av dei tilsette oftast midtrunden, så er det kveldsstell og til sist ein kveldsrunde.

– Du må vere til stades for å ta imot inntekta, og for ein husdyrbrukar betyr det å vere i fjøset. Sjølv om ein har automatisert fjøs, må ein ta dei rundane i fjøset. Kveldsrunden er det alltid eg eller Kristin som tar. Det er viktig at ein av oss alltid har kontroll, sjølv om me har flinke folk i fjøset, seier Gunnar.

LUN KALVEAVDELING

I motsetnad til mange andre fjøs er kalveavdelinga lagt lengst mogleg vekke frå fôrsentralen for å unngå trekk. Her er taket senka for å gjere miljøet lunare, ventilasjonen manuelt styrt og overskotsvarmen frå maskinrommet blir slept ut her. Waagen lar kua få dei tre første dagane saman med kalven i kalvingsbingen før dei skil mor og barn. Då får kua restituert seg etter fødselen og tilfredsstilt ein del av morsinstinktet sitt utan å bli for nært knytt til kalven, er erfaringa deira.

Annonse

Lunt: Kalvane har det lunt og godt i kalveavdelinga.

Etter den første perioden saman med mor blir kalvane flytta til romslege kalvebingar, med maksimalt fem kalvar i kvar binge. Då er det liggjeplass til alle på det skrånande liggjearealet. Mens kalvane er små, har Waagen liggjepall, og så går dei over til liggjebåsar etter kvart. I kalveavdelinga er det fire bingar med tett liggjeareal, der det er plass til fem kalvar, og to med liggjepall med plass til 6-7 kalvar. I kvigeavdelinga er det fem bingar med liggjebås til sju kviger i kvar.

– Me har ikkje mjølke- eller kraftfôrautomatar i kalvebingane. Det er fordi me vil at kalvane skal lære å forbinde oss menneske med mat, for å gi kalvane ei positiv oppleving når me er rundt dei, fortel Kristin.

ALDRI FROSE FÔR

Fjøset er mekanisert med DeLaval mjølkerobot og TKS si heilautomatiske fôringsvogn, K2 Multifeed. I staden for å spare på plassen til dyra, har Waagen spart plass i fôrsentralen. Den er ikkje bygd for at ein skal kjøre traktor der, men ein smidig truck har god plass.

Truck: Fôrsentralen er ikkje stor, men med ein smidig truck er fôrhandteringa enkel.

Frosne rundballar er ikkje noko problem for fôringslinja. Frose fôr er fy-fy og skal ikkje førekomme. Derfor ligg det eit heilt reservoar av rundballar i fôravdelinga. Akkurat i år har den milde vinteren gjort at frosne rundballar ikkje har vore noko tema, men i kaldare år blir rundballane lagt til tining. Frose grovfôr er ikkje godt for vomma og vil dermed forringe mjølkekvaliteten.

Les også: Anny og Geir Harald Fodnes ser framtid i stølsysting

– I fjor støypte me nytt golv og fekk større plass til å tine rundballar i herreavdelinga også. I tillegg har me kjøpt eit par elektriske varmematter for å kunne tine rundballar, men på grunn av den milde vinteren har me ikkje hatt bruk for dei i år, seier Gunnar Waagen.

ALLSIDIG GROVFÔR

Han drar ut litt fôr frå eit par rundballar for å saman­likne. Grasplantene og urtene fortel kva område 
eller skifte rundballen er frå. Det er ikkje berre første- og andreslått som blir blanda. 
Like viktig er det å blande rundballar frå ulike skifte. Dette fordi dyra skal få ulike smakar, slik at dei ikkje går matleie.

– Eit mest mogleg allsidig grovfôr er filosofien vår. Basisen i fôret skal vere ordentleg eng i omløp, og me føretrekk timotei og ulike kløverblandingar. Frøet blandar me stort sett sjølv, for å tilpasse det jordsmonnet der me skal så. Me er interesserte i at noko av enga skal vere så gammal at me får inn ein del naturgras og urter, som til dømes marikåpe og villbring. 
Me er heller ikkje redde for å få løvetann i enga. For dyra er det berre gunstig, fordi det gir ulike smaksopplevingar og mineralsamansetting.

Rundballane, som er hausta på 62 ulike skifte, ligg lagra på 12 ulike lagringsplassar. 
På den måten er det lett å ha kontrollen og enkelt gi beskjed om kvar rundballane skal hentast frå.

SUPPLERINGSSÅR

Denne sesongen var den første der dei måtte kjøpe fôr. Avlingsskadane etter den harde vinteren var kraftige. Heile 230 av 700 dekar eng fekk dei avlingsskadeerstatning for. Gunnar Waagen såg tidleg kva veg det bar, og kjøpte i all hast ein direktesåmaskin han visste var til sals hos Felleskjøpet i Molde. Nå skal han bli flinkare til å suppleringsså, og han vil trasse rådgjevings­tenesta og prøve å så med timotei.

Bloggen: Gras er ikke bare gras

– Dette er noko me kan for lite om, så me må forsøke og lære. Om me ikkje får hundre prosent tilslag, så er såfrø ein så billeg innsatsfaktor at me vil gjere det. Kostnaden ved å snu jorda er stor, både arbeidsmessig og i kostnad, så det er kjempeøkonomi i å suppleringsså om det kan utsetje pløyeintervallet tre-fire år. Ambisjonen vår er å så halvparten av arealet kvart år. Det har med å klare å få så bra avling som mogleg kvart år, og utan å sprøyte med glyfosfat og drepe alt. Me er interesserte i å ha eit mangfald av planter i enga, seier han.

Ulike smakar: Gunnar Waagen seie kva skifte rundballen kjem frå ved å sjå kva gras og urter den inneheld.

Føresetnaden for gode avlingar er ikkje berre rett frø i rett jord, men også rett gjødsel på rett måte. Måten det blir gjødsla på, er veldig viktig. Logistikken blir for vanskeleg og slepeslangespreiing for arbeidskrevjande når ein har 
62 skifte, så då blir mest mogleg skånsam gjødsling med tankvogner med breispreiing og gjødselkanon løysinga. Gunnar Waagen er veldig medviten på å vere på parti med meitemarken.

– Pappa er ivrig med å lære opp sjåførane korleis dei skal kjøre, slik at dei kjører mest mogleg skånsamt, fortel Kristin.

LEIARSKAP I FJØSET

Kvar 14. dag har Kristin og Gunnar eit møte der dei går gjennom statusen for kvar enkelt ku, for å vurdere om dei skal justere kraftfôrtildelinga. Samstundes ser dei på mjølkingsintervall, in­seminering og eventuell utmelding.

– Me fôrar med to kraftfôrslag og brukar Tine Optifôr sin fôrtabell som rettleiing. 
Då justerer me kraftfôrmengde ut frå hold og korleis laktasjonskurva er, og tar stilling til kva me meiner er potensialet til kvar enkelt ku, fortel dei.

Les også: Skill deg ut i butikkhylla

Avgjerda om å satse på mjølkerobot angrar ingen av dei. Heller ikkje Gunnar Waagen, 
som har levd eit langt liv med båsfjøs, meiner at han hadde betre kontroll på besetningen den gongen han hadde 24 kyr på bås.

– Det er totalt motsett. Eg var aldri i nærleiken av å ha like god kontroll over kyrne i båsfjøset som i lausdrifta. Nå brukar eg tid som eg før brukte under kyrne, til å vere blant kyrne. Min påstand er at dei som ikkje lykkast med lausdrift og robot, ikkje brukar nok tid til å gå blant kyrne. Ein må vere i fjøset for å ta imot inntekta og ikkje drive med alt anna, slik som leigekjøring eller graving, seier han.

IKKJE VANLEG BEITE

Å oppfylle beitekravet for mjølkekyr, er ei spesiell utfordring på Saghaug gard. På grunn av kravet til høg og jamn mjølkekvalitet til ysting, er det umogleg å la kyrne gå på vanleg beite. 
I staden får dei lov til å gå ut å lufte seg i 10-12 veker om sommaren. Då får dei ikkje meir 
enn 10 prosent av fôret ute, og vatn må dei inn for å drikke.

– Kyrne er glad i å gå ut. 
Då me nyleg hadde brannøving, gjekk det 28 sekund å evakuere kyrne. Når me opnar dørene, gjeld det å ikkje stå i vegen. 
Då kan dei prøve seg fire i breidda, slik at dei kilar seg i dør­opninga. Me hadde eigentleg lagt til rette for at dei skulle få lov til å lufte seg i vinter også, men utan tele i bakken går det ikkje. Å gå rundt på snø er veldig godt for føter og klauver, seier dei to mjølkebøndene.

Kvigene går på beite frå mai til september eller oktober. Dei blir delt opp i ni grupper, som går på ulike beiter rundt om i bygda.

TRIVELEG ARBEIDSMILJØ

Kristin Waagen har ikkje berre unt dyra god plass og eit triveleg miljø. Også dei som steller i fjøset i Torjulvågen, har god plass og eit fysisk godt arbeidsmiljø. På det romslege kontoret har ho god utsikt til mjølkeroboten og dyra frå kontorstolen på ei opphøgd plattform. Ved vindauga står ei sofagruppe, og bak er 
det ein velutstyrt kjøkkenkrok.

– Det var slik eg ville ha det. 
Eg ville ha eit godt kontor og ein stad me kan ha møte. Me er ganske flinke til å feire ting her på garden, og då må me ha ein triveleg stad å feire, seier ho med eit smil.

Utsikt: Frå den trivelege kontorplassen er det utsikt til dyra i fjøset.

I inngangspartiet har ho også prioritert ein skikkeleg garde­robe, med garderobeskap og dusj. På den måten kan dei til­sette komme i sivile klede, skifte til arbeidsklede og gå ut i den ytre garderoben for å ta på seg støvlar og kjeledress. Etter fjøsstellet kan ein ta seg ein dusj og skifte til sivilt, utan å lukte fjøs når ein går ut fjøsdøra.

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin