Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskå pelleterer maxammonbygg

Lanserer nytt oksekraftfôr med mindre soya.

Norske kraftfôrprodusentar er verkeleg på offensiven for å erstatte importert soya med norskproduserte proteiner. Tidlegare har Norgesfôr lansert både Alka SuperVom til kjøttfe og melkeku, og soyafritt svinefôr, mens Felleskjøpet både satser på ureabehandla korn og økologisk kraftfôr. Siste tilskudd på stammen er eit nytt basisk oksekraftfôr med større partiklar i pelleten enn vanleg kraftfôr har.

Kraftfôret har fått namnet TopBull Max, og blir tilgjengeleg i både bulk og storsegg hos alle Fiskå sine lager i april eller mai, fortel Kjell-Rune Vik, som er produktsjef drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle, i ei pressemelding.

Effekten av å fôre med det basiske kraftfôret er at mengden stivelse til vomma blir mykje høgare, noko som gir ei kraftig auke i veksten av mikrobar. I tillegg er kraftfôret tilsett vitaminer og mineralar. Det gjer at også bønder med separat fôring av kraftfôr og surfôr nå kan få nytte av maxammonbehandla bygg.

Les også: Kraftfôr med 95 prosent norsk korn

Kraftfôr: Kjell-Rune Vik er produktsjef for drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle. Foto: Fiskå

– Erfaringane frå forsøksvertane våre i vinter er svært positive. Alle rapporterer om fastare gjødselkonsistens enn ved bruk av vanleg oksekraftfôr. Ein kan fôre hardare, slakte tidlegare og oppnå ein høgare slakteklasse ved bruk av TopBull Maxd, og likevel få tørrare bingar. Samstundes reduserer maxammonbygg behovet for å importere fôrmidlar, seier Vik.

Les også: FKs kalvemysli er tilbake

Maxammonbehandla og valsa bygg har eit høgt innhald av ammoniakk og er eit basisk fôrmiddel med ein mellom pH 8,3 og 9,3. Det har blitt ein suksess i storfekjøtproduksjon i både Storbritannia, Irland og Frankrike, og er nå i sterk vekst i mange andre vestlege land. Så også i Noreg. Ei av årsakene til dette meiner Fiskå ligg i god økonomi for bøndene.

Les også: FK lanserer ureabehandla korn

Fiskå Mølle har produsert vanleg maxammonbygg i halvtanna år. Bruksområdet er primært som tilsetting i grunnblandingar og fullfôrblanding i store buskapar. Bønder med separat fôring med surfôr og kraftfôr har vore tydelege i tilbakemeldingane til Fiskå om at dei ikkje vil fôre mineral og vitamin utanom, men ønskjer alt i ein og same pellet.

Les også: Disse slaktegrisene får soyafritt kraftfôr

– Mange har derfor spurt etter eit pelletert kraftfôr som inneheld både maxammonbygg, nok protein til dei yngste oksane, melasse, samt vitamin og mineral. Vårt svar er TopBull Max, seier Kjell-Rune Vik.

Vanlege kraftfôr til drøvtyggarar har ein pH på typisk 6 - 6,5. Det maxammonbehandla kornet Fiskå brukar i TopBull Max har dobbel dose Maxammon i seg, og dobbelt så høgt innhald av ammoniakk som i vanleg maxammonbygg. Det gjer at TopBull MAX har ein pH på heile 8 - 8,5. Kombinert med grovare struktur av partiklane i kraftfôret framstår dermed TopBull Max som meir «vomvennleg» enn kraftfôr med lågare pH. Ein kan derfor fôre hardare utan å få problem med sur vom.

Annonse

Norsk bygg inneheld om lag 50 prosent stivelse. Kraftfôr til storfe i vekst, til dømes vanleg TopBull inneheld typisk 22-24 prosent stivelse, mens Nor500 har om lag 28-30 prosent stivelse. Stivelse er det mest effektive næringsstoffet som oksen veks på. Det er som bensin på ein motor: Det er lett tilgjengeleg energi for mikrobane i vomma.

Les også: Bønder vil videreforedle økologisk raps

Energien blir brukt til å byggje store mengder nye mikrobar basert på ammoniakk. Denne kjem normalt frå nedbrote protein i grovfôr og kraftfôr (PBV). Men når ein fôrar med vanleg byggpellets skjer nedbrytinga av stivelse så raskt at dei ulike syrene som blir danna ikkje raskt nok blir absorbert gjennom vomveggen. Det som då skjer er at pH i vomma fell til under det kritiske nivået på 5,5, slik at heile prosessen stoppar opp. Dyret mistar då appetitten på surfôr og kraftfôr, gjødselkonsistensen blir laus, fôrutnyttinga blir redusert og tilveksten stagnerer.

Maxammon: Fiskå Mølle har levert maxammonbehandla korn i halvtanna år. Foto: Produsenten

For Fiskå-kundar har løysinga på denne klassiske utfordringa har til no vore at ein enten gir kraftfôr med lågare nivå på stivelse (som til dømes TopBull), eller ved å avgrense mengda Nor500 til 4 kilo per dag, og heller fôre mange gonger om dagen. Vanleg pelletert byggrøpp har vore lite i bruk på grunn av den svært høge vombelastninga.

Les også: Vi overfôrer kyrne med protein

– Det revolusjonære med TopBull Max er at me går akkurat motsett veg: Me aukar mengda med stivelse til heile 32-33 prosent, og «fyrer» dermed «motoren» langt hardare enn før. Dette samtidig som vommiljøet faktisk blir betre. Resultatet er at langt fleire mikrobar utviklar seg i vomma. Ein meir fullstendig fordøyelse av surfôret skjer, noko me ser gjennom færre ufordøydde fiberpartiklar i gjødsla, seier Vik.

YTRING: Adjø til soyadebatten

– Fordøyinga av heile rasjonen til oksen blir altså positivt påverka. Alle forsøksvertar rapporterer om fastare gjødselkonsistens. Skotske Harbro, som fann opp Maxammon for 6-7 år sidan, er tydelege på at oksane si forutnytting blir betre og at tilveksten aukar. Ved at ein kan fôre hardare enn før får ein oksane tidlegare slaktemodne, og det er lettare å oppnå god klassifisering av slakta. Redusert bruk av surfôr per kilo slakt er ein fordel for mange bønder. I besetningar som kjøper inn oksekalvar for sluttfôring kan ein, ved å slakte 1-2 månader tidlegare, kjøpe inn nye kalvar endå tidlegare. Resultatet er auka kjøtproduksjon per fjøs per år, legg han til.

Les også: Rundballer gir minst fôrspill

Fordi TopBull Max inneheld mykje PBV frå ammoniakk reduserer ein til dømes behovet for PBV-rikt soyamjøl frå Brasil. I tillegg kan ein redusere bruken av importerte roesnittar (betepulp) i kraftfôret fordi gjødselkonsistensen blir fastare ved bruk av maxammonbygg. Mengda med norsk korn i kraftfôret aukar.

– Mange vil nok synes at høgare norsk sjølvforsyningsgrad er rett veg å gå. I Fiskå Mølle er me glade for å kunne ta i bruk ny teknologi som har så mange oppsider for norsk landbruk, seier Kjell-Rune Vik.

Neste artikkel

Matkorn er ekstremsport