Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gjer gull av grønsaker i gardsbutikk

Nå bugnar det av lokalmat hos Skjæveland gardsutsalg.

Gardsbutikk: For tida bugnar det av nye friske grønsaker i den 250 kvadratmeter store gardsbutikken til Oddvar Skjæveland på Ganddal, nokre få kilometer frå Sandnes sentrum.

For 20 år sidan bestemte Oddvar og Åse Skjæveland for å gjere den 60 dekar store garden på Ganddal til levebrød. I dag omset dei for 22 millionar kroner frå eigen butikk på garden.

Etter seks år som potetprodusent, ved sida av andre jobbar, bestemte ekteparet seg for at dei ønska å leve av garden dei overtok etter Oddvar sin farfar i 1990.

VIDEO: Kontroll på egen verdikjede

– Etter tre månader på Rikshospitalet med sonen vår fekk me eit litt anna perspektiv på livet, og bestemte oss for at me ønskja å leve av garden. Då var det grønsaker me måtte satse på, fortel han.

Leverer: Rosenkål er det einaste Oddvar Skjæveland har kontrakt på å dyrke. Rett før jul skal han levere 50 tonn rosenkål til Bama. Foto: Dag Idar Jøsang

Det hadde vore gardsutsal på Ganddal heilt sidan 1992, men den gongen var det berre poteter. Garden ligg gunstig til langs ei av dei store hovudfartsårene på Jæren, med 18 000 bilar som passerer forbi kvar dag.

Les også: Matpris til grønnsaksgründer

– Me hadde aldri dyrka grønsaker før og fekk lære lære på den harde måten. Det gjekk ikkje så veldig godt dei første åra, men etter at melde me oss inn i landbruksrådgivinga, fekk me veldig god hjelp derifrå. Sidan har me bygd oss gradvis opp. Me leiger 250 dekar jord, og byter med jord med grasbønder for å få til eit fornuftig og godt vekstskifte, fortel han.

I år blir det dyrka poteter, rødbetar, gulrot, sommarkål, tidleg haustkål, haustkål, vinterkål, rødkål, blomkål, brokkoli, grønkåk, rosenkål, kålrot, nepe og vårløk på areala. Nesten alt blir seld i gardsbutikken. Unntaket er ein leveranse på 50 tonn rosenkål til Bama tett oppunder jul.

– Dersom me har overproduksjon tilbyr me grønsaker til grossistar. Elles går dei til dyrefôr.

Annonse

Populær: Det er ikkje berre eigenproduserte i gardsbutikken, og heller ikkje berre norske. Butikken har særleg blitt ein populær butikk for polakkar.

I tillegg eigen grønsaksproduksjon supplerer Skjæveland gardsutsal med fleire andre varer. Lokalmatprodusentar, både frå Rogaland og andre delar av landet, har fått innpass med sine produkt i dei heimesnekra butikkhyllene.

Les også: Utegris gir oppsving

– Me har også meir eksotiske varer i butikken som ein ikkje finn i vanlege butikkar. Dei får me frå grossistar i Stavanger. Spesielt har me ein god del polske matvarer, som har ført til at me har ein god del kundar frå Polen innom. Når den norske grønsakssesongen er over i utgangen av november importerer me, slik at kundane skal vite at me alltid har varer. Det går ikkje å starte opp butikken i juni kvart år, når me har eigne grønsaker frå eigen gard, seier Oddvar Skjæveland.

Egg: Poteter er den eine hjørnesteinen i drifta, mens egg er den andre.

Ved sida av poteter er det egg det blir omsett mest av i gardsbutikken, og egga kjem også frå eigen gard. I 2010 blei det bygd hønehus for 7 500 høner på garden, og sidan 2012 har han seld alle egga gjennom egen gardsbutikk. Ved jul og påske er toppane til og med så store at gardsbutikken må supplere med egg frå andre produsentar.

– Dei siste åra har me også drive eige bakeri på garden. Eg har to polske damer som lagar både lefser, nordlandskaker og Skjævelandskaker, eller jødekaker som det heitte før, fortel Oddvar Skjæveland.

Du kan lese meir om korleis Oddvar Skjæveland har organisert drifta på garden, om gardsutsalet og erfaringane med å ta i bruk presisjonskjøringsutstyr i traktoren i Norsk Landbruk utover hausten.

Neste artikkel

Dette tenkte Nordlands største potetprodusent da familiens livsverk lå på Finn.no