Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stas blei gjort stas på

Langsiktig avlsarbeid gir gode resultat.

Far: Stas Rame er to år gammal og har allereie åtte flotte vêrlam og 20 saulam i avl etter seg.

Stas Rame kom til verda i april for snart to år sidan, men har allereie åtte flotte vêrlam og om lag 20 saulam etter seg i avl. Under årsmøtet i Hordaland Sau og geit fekk Ole og Sigrid Sævareid prisen for å ha ala fram den beste avkomstgranska vêren av rasen NKS i fylket i fjor.

Video: Slik kåres værlam

– Me har fått fleire sløyfer tidlegare også, men dette er jo den gjevaste. Det er eit trangt nålauge å komme gjennom, så dette er me kry av, seier Ole Sævareid.

Pris: Ole og Sigrid Sævareid (i midten) fekk prisen for beste avlsgranska vêr av rasen NKS under Hordaland Sau og geit sitt årsmøte. Prisutdelarar var Karluf Haakull (t.v.) og Tor Atle Sørheim. Foto: Privat

På garden Rame ved Stordalsvatnet i Etne har ekteparet 90 vinterfôra sauer i ein fjøs som blei påbygd i 2015. Dei har drive seriøst med avlsarbeid i mange år, men toppa resultata med Stas Rame. Indeksen til premievêren var 146-119-111-145-138-116-105-110, og er basert på 66 høstvekter og 32 slakt.

Les også: Fôringstips for vellykket kopplamoppdrett

– I fjor kåra med 18 vêrlam og kåringsdommaren sa at han aldri hadde opplevd maken til jamne fine lam i ein flokk. Det er kjekt å høyre frå ein veldig erfaren kåringsdommar, seier han.

Annonse

Prisvinnar: Stas Rame frå Etne har alle dei rette eigenskapane. Foto: Privat

Sævareid har beite i på Hedlestølen i Etnefjella og i Hordadalen i Røldal. Begge beita er gode, men med alpinanlegget i Hordadalen eit lite smalahove foran. Vektene har lege stabilt på mellom 51-53 kilo i snitt, men i fjor var dei heile 57,5 kilo.

Les også: Sauebønder med ny app for beitebrukere

– Det er kjempebra. I fjor hadde me ei slaktevekt på 23,3 kilo, i tillegg til at me auka besetninga og livdyrsal, fortel Ole Sævareid.

Les også: Hele familien flytter i fjøset i lamminga

Neste artikkel

14 første superkviger klar for embryoproduksjon