Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil byggje rimelegare ammekufjøs

Rogalendingar henta inspirasjon i Irland.

Inspirasjon: Bønder frå Rogaland som går med planar om å byggje fjøs for ammekyr eller oppfôring var i Irland for å hente inspirasjon til billege bygg saman med rådgjevarar innan bygg, imek og økonomi.

– Me må tenke meir på dyret som skal produsere og mindre på bonden som skal stelle.

Det var ein av konklusjonane Kjetil Olsen i Fjøssystemer trakk etter å ha sett på bygg og driftsopplegg hos irske ammeku- og storfeprodusentar.

I midten av november var han med ein delegasjon på vel 30 bønder, rådgjevarar, økonomar og byggplanleggjarar til Irland. Ein del føresetnader mellom Noreg og Irland er grunnleggjande ulike, mens andre er samanliknbare. Ein av dei største forskjellane er at irske storfeprodusentar ikkje har pålegg om beiting, men pålegg om at dyra skal ha tak over hovudet minst 12 veker i året. Med beiting så stor del av året har Irland lågare krav til fjøsa enn me har i Norge.

Les også: Rekordeksport av sæd

Nytte: Kjetil Olsen i Fjøssystemer Vest meiner bønder i Rogaland vil dra nytte av erfaringane frå Irland.

MYKJE ER OVERFØRBART

– Det er ikkje alt me har sett på turen me kan ta med oss heim. I Irland er det lov å ha mordyr på fullspaltegolv, dei brukar mykje strø og har større dyretettleik. Her lagrar dei gjødsla i djupe gjødselkjellarar, mens me ofte heilt tette bygningar og reglar om gasstett lagring. Her er det opne fjøs med naturleg lufting, oppsummerer Olsen.

Les også: Rekorddyr okse gir godt livdyrsalg

Men trass i det som er ulikt er det også mykje som er overførbart mellom Irland, Rogaland og Noreg. Kjetil Olsen meiner at mange i Norge kunne klart seg med enklare og rimelegare fjøsbygg, og at det berre ville auka trivselen til dyra.

Vanleg: Perforerte veggplater er vanleg i irske storfefjøs.

Fakta om irsk storfeproduksjon

* På eit areal som er ein tredel av Sør-Norge har Irland 1,1 millionar ammekyr og 1,2 millionar mjølkekyr. Til samanlikning har Norge 85 000 ammekyr og 220 000 mjølkekyr.

* Den grøne øya har 125 000 gardsbruk, og i gjennomsnittsarealet er 320 dekar.

* 78 000 gardsbruk driv med storfe, og mange av dei er deltidsbruk.

* Kvart år blir det slakta 1,7 millionar storfe hos irske slakteri.

* Med eit folketal på 4,9 millionar innbyggjarar seier det seg sjølv at irsk landbruk er heilt avhengige av eksport av både kjøt, livdyr og mjølkeprodukt.

– Me byggjer nok ofte fjøs for bonden, og ikkje for dei som har arbeidsplassen sin i fjøset, nemleg storfeet. Det me har fått stadfesta i Irland er at storfe trives best når det er mykje luft og lys. Dyra stiller små krav til omgjevnadene og trives best når dei har tilnærma uteliv inne. På den eine garden me besøkte var me vitne til at dyra opplevde varmestress når det var 13-14 grader i den opne fjøsen, seier han.

UNNGÅ TREKK

Det dei irske bøndene trakk fram som heilt avgjerande var å plassere og byggje fjøsa slik at ein unngår trekk. Dei byggjer med høge murar i boten, har det ope over og brukar gjerne perforerte aluminiumsplater på veggane. Nokre føretrakk å ha tak over fôrbrettet, andre meinte at det ikkje spelar nokon rolle fordi dyra er vane med å beite i regn.

Les også: Hereford-gener fra Nordland til Sør-Amerika

– Me blir fortalt at me går mot ei mildare framtid. Det kan me tilpasse oss når me byggjer fjøs. Kalvar skal ha god oppstalling i eit tørt og trekkfritt miljø, der dei kan gå saman med mora og så trekke seg tilbake i eit kalvegjømme. Men vaksne, friske storfe har det godt i slike enkle opne fjøs, meiner Kjetil Olsen.

BEHANDLINGSRENNER

Ein annan lærdom han drar med seg frå Irland er eksempel på enkel og sikker dyrehandtering. I ein fjøs var det laga dyrerenne mellom bingane midt i fjøsen, ein annan stad var renna plassert under tak, mens på ein tredje gard stod den utanfor fjøsen. I det første tilfelle kunne ein person åleine behandle, vege, klyppe og flytte vaksne oksar.

Les også: Jovial satte prisrekord: 170 000 kroner

Annonse

HMS: Ei enkel behandlingsrenne på utsida av fjøset gjer veging, klypping og anna behandling tryggare for bonden.

Spesialisert: Dette svært spesialiserte okseoppfôringsfjøset har behandlingsrenne i midten. Ein person er nok til å flytte på dei fullvaksne oksane.

– HMS er svært viktig for bonden og me har sett nokre veldig gode eksempel på dyrehandtering som både er rimelege og vil fungere til både store og små buskapar.

BYGGJE ETTER ØKONOMI

Nå skal fagfolk innan økonomi, bygg og imek arbeide saman med å samanfatte erfaringane frå Irland og skrive ein rapport om korleis me kan byggje rimelege bygg til storfekjøtproduksjon. Der skal ein mellom anna komme med eksempel på fjøs og kva den vil koste per kvadratmeter og per ku. Når rapporten er lagt fram skal det også arrangerast møter for bønder i Nord-Rogaland, Ryfylke og på Jæren som er interesserte i å starte med ammeku- og storfekjøtproduksjon.

VIDEO: Nå skal Griegs gener eksporteres til Frankrike

Interessant: Ammekufjøsen i Crossmaglen i Nord-Irland fall i smak blant mange av bøndene på fagturen.

– Det vil nok ikkje poppe opp irske sheds over alt i Rogaland etter dette, men me har hatt med oss ein del bønder som forhåpentlegvis vil dra nytte av erfaringane når dei skal byggje. I Irland byggjer dei etter økonomien i produksjonen slik den er i dag, og det bør me også i større grad gjere. Me må blir flinkare til å tilpasse innsatsfaktorane og lære av dei som lever under ennå tøffare rammevilkår, meiner Kjetil Olsen.

På nyåret får du reportasjar frå fagturen til Irland i Norsk Landbruk.

I Norsk Landbruk nummer 19, som er på veg ut til abonnentane våre denne veka, får du møte Alf Solberg og Karianne Lunde frå Andebu. Dei har bygd ammekufjøs til 60 mordyr i sommar og haust. Prislappen kom på rundt 3,4 millionar kroner, inkludert eigeninnsats.

Er du ikkje abonnent? Abonnement bestiller du her.

Ny: Alf Solberg og Karianne Lunde har bygd til 60 ammekyr.

Neste artikkel

Mener melkebruk står for hopp i angus-semin