Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lettare får til kålen

Lågare slaktevekt, men fleire kvalitetslam.

Færre: Denne veka slaktar Nortura 70 000 lam. Saman med sist veke er det den mest hektiske veka heile hausten. Foto: Helle Berger

Gjennomsnittsvekta på årets lam i Nortura er 0,5 kg under fjoråret. Til gjengjeld har lamma litt mindre feitt på skrotten, og det gjer at fleire lammeslakt oppnår stjerne- og gourmetlam-tillegg. Middel klasse lammeslakta er R/R+ (8,12), mens feittet ligg på 2+/2 (5,7). Tilsvarande tal i fjor var 8,5 og 6,0.

Les også: Rekordhøge slaktetal i 2016

Lågare: Beitesesongen har vore utfordrande mange stader i landet, og middelvekta er 690 gram lågare enn på same tid i fjor. Foto: Norsk sau og geit

I nokre fylke ligg den gjennomsnittlege slaktevekta ein kilo lågare enn på same tid i fjor. Årsaka er at det har vore vanskelege beiteforhold fleire stader i landet. Enten har beitesesongen blitt prega av mykje nedbør i sesongen, eller lite nedbør i form av snø før sesongen. Det siste ga tørke og dårlegare beite og tidleg haust i fjellet. Dei fylka med størst nedgang i slaktevekt har tradisjonelt høge slaktevekter.

Les også: Godt innmarksbeite er det beste og rimelegaste grovfôret sauen kan få

– Slaktestatistikken så langt er kjenneteikna av jamne resultat over heile landet, seier Finn Avdem, som er fagsjef småfe i Nortura.

Les også: Uvisst hvor mye kraftfôr norske sauer eter

Vekst: Fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem, fortel at salsveksten så langt i år er på 1,7 prosent samanlikna med same tid i 2016. Foto: Nortura

Ved utgangen av veke 36, som var 10.september, låg Nortura 8000 lam etter fjorårets slakting, men har likevel nok lam til å dekke etterspurnaden i marknaden.

Annonse

Les også: Klart for sauebøndenes grillaksjon

– Vi set alle klutar til for å auke salet av lam for å betre marknadssituasjonen. I vekene 32 til 36 auka salet med 1,7 prosent gjennom daglegvarebutikkane. Det er me godt nøgde med, men ambisjonane er ennå høgare vekst, seier Avdem.

Sluttfôring: I fjor premierte slakteria tidleg slakting. I år er det mange lam som blir sluttfôra for å auke slaktevekta. Foto: Dag Idar Jøsang

Nortura er nå inne i dei mest hektiske vekene med lammeslakting i veke 37 og 38. Det vil seie at Nortura sine slakteri er oppe i 70 000 lammeslakt både denne veka og sist veke.

– Vi greidde å unngå innfrysing av lam på reguleringslager i førre veka, og salsfolket våre står på for at det meste av lamma som blir slakta denne veka også blir selde som ferske lam. Det er nå salskampanjane i kjedene startar og det aukar salet av lam.

Les også: Dette må du tenke på når du vil ha lammeskinnet i retur

Fagsjefen seier at det langsiktige målet til Nortura er å auke etterspørselen etter lam både i og utanom sesongane, slik at ein slepp dei ekstraordinære kampanjane for å bli selje lammekjøt som ligg på reguleringslager.

– Overproduksjonen gjer at prisen på lam i medel ligg 4,70 kroner under prisen i fjor. Målet for Nortura er å lage grunnlag for auka pris på både sau og lam, seier Finn Avdem.

Neste artikkel

Ole Nikolai blir ny Nortura-direktør