For sau gjekk utbetalingsprisen til bonden ned om lag 50 øre per kg. Foto: Nina Lunde

Fallande næringsinntekt for haugalandsbøndene

Den skattbare næringsinntekta for gardbrukarar i Nord-Rogaland og Sunnhordland gjekk ned med om lag 23.000 kroner i 2009. Det viser gjennomsnittstal som Tveit Regnskap AS har frå 215 gardsbruk i regionen.

FAKTA OM RAPPORTEN

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1200 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 20-årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hatt, og framleis har hovudinntekta si frå jordbruket, og omfanget ligg mellom 1,5 og 2 årsverk. Det spesielle med dette talmaterialet er at det er brukt faktiske tal frå rekneskapet og at det er dei same bruka som er nytta som grunnlag i heile perioden. 

Årsaka til at inntekta stagnerer i 2009 todelt. For det første har veksten i dei store volumproduksjonane (gris og mjølk) flata ut og gått noko ned - spesielt gjeld dette svinenæringa. Vidare blir òg skattbar næringsinntekt redusert av auka avskrivingar. Dette igjen har to grunnar, auka investeringar i jordbruket og endring i avskrivingsreglane i 2009, skriv økonomirådgjevar Andreas Lundegård i rapporten «Inntekstsutvikling Haugalandsjordbruket 2009».

(Saka held fram under bilete.)

Andreas_Lundegård_a

Økonomirådgjevar Andreas Lundegård står bak rapporten. Foto: Privat

OMFATTANDE OMSTILLING

Rekneskapsfirmaet har i tidlegare rapportar vist at landbruket i Nord-Rogaland og Sunnhordland har vore, og framleis er, inne i ei omfattande omstilling. Teknologiske endringar og kostnadsnivå gjer at ein går mot større einingar, og at det blir produsert større volum på kvar enkelt gard.
Volumauken på gardsbruka var mykje av grunnen til den merkbare inntektsveksten ein såg førre året (2008). Likeeins blir utslaga forholdsvis store andre vegen når ein ser at innteninga flatar ut eller går ned.
I rapporten heiter det også at kostnadsveksten er mykje av grunnen til at ein ser nedgang i dei store volumproduksjonane. Det er i stor grad auke i innsatsfaktorar som kraftfôr, gjødsel som spelar inn. 

SJÅ MIDDELTAL FOR GARDSREKNESKAPA, FLEIRE TABELLAR OG MEIR STATISTIKK HJÅ TVEIT REGNSKAP.

ENDRING I PRIS

Inntektsnedgangen kan i liten grad tilskrivast endringar i pris. Utbetalingsprisane til bonden har vore litt varierande etter kva produksjon ein ser på, men for næringa totalt sett har prisane vore stabile eller svakt stigande. Enkelte ville nok trudd at ein hadde sett større vekst i utbetalingsprisane - dette av di det har vore politisk bestemt gjennom jordbruksavtalen at prisane skal opp for å styrkja lønsemda i næringa. At denne tiltenkte prisveksten ikkje fullt ut har nådd bonden skuldast noko at varemottakarane ikkje har greidd å ta ut i marknaden den prisauken som var tiltenkt.

- Historia har òg vist at konjunkturane i samfunnet spelar inn på forbruksmønsteret i befolkninga. Sjølv om ein i Noreg ikkje har hatt noko «reell finanskrise» har nok den psykologiske effekten slått inn i forbruksvanane til folk, skriv Lundegård. 

(Saka held fram under illustrasjonen.)

Graf_1_web

(Illustrasjon: Tveit Regnskap)

FLATAR UT I SVINENÆRINGA

Det er i svinenæringa ein har sett at inntekta flatar mest ut, og hjå enkelte gått merkbart ned. Næringa har vore gjennom 2-3 år med stabil marknad, og i eit historisk perspektiv av den betre sorten. At no lønsemda flatar ut og går noko ned er naturleg ettersom lønsemda historisk sett går i bølgjer, noko som òg har gjeve ein eigen økonomisk teori; «svinesyklusen». Men årsaka til nedgangen denne gongen er ikkje den vante, med markant overproduksjon og påfølgjande prispress. Grunngjevinga ligg meir i kostnadsvekst på kraftfôr og andre innsatsfaktorar. Dette gir grunn til bekymring, då konsekvensane vil bli endå større visst ein skulle gå inn i ein overproduksjonsperiode i tillegg. Utbetalingspris på grisekjøt var om lag uendra i høve fjoråret.

SJÅ STATISTIKK FOR DEKNINGSBIDRAG FOR ULIKE TYPAR PRODUKSJONAR HJÅ TVEIT REGNSKAP.

LYSARE FOR MJØLK

Hjå mjølkebonden såg situasjonen noko lysare ut, utbetalingsprisen aukar med 10-12 øre pr. liter. Noko som isolert sett tilsvarer ein inntektsvekst på kr 15600 hjå ein snitt mjølkeprodusent, som leverer om lag 130 tonn mjølk. Men diverre går veksten med til å dekke auka kostnader i produksjonen. Auke i kraftfôrpris spelar her òg inn, i tillegg til ein turbulent gjødselmarknad (både nasjonalt og internasjonalt).

(Saka held fram under bilete.)

oksemor

Utbetalingsprisen for mjølk gir ein inntektsvekst på 15.600 kroner. Foto: Camilla Mellemstrand.

Auka produksjon kompenserer i stor grad den nedgang ein ser i lønsemd (dekningsbidrag). Produksjonsauken ein ser på gardsbruka skuldast i hovudsak leige av andre produsentar si mjølkekvote, i tillegg til 3 % generell auke i kvotane for 2009. Skal ein døma etter statistikken ser det ut til at bøndene dei seinare åra har vald å leige framfor å kjøpe kvote - snitt kjøp pr. bruk har dei tre siste åra stabilisert seg på om lag halvdelen sett i høve til 2005/2006, heiter det i rapporten.
Storfekjøtprisen hadde ei positiv utvikling, og enda opp med ei auke på om lag tre kroner per kg. Dette tilsvarar ei inntektsauke på om lag 15000 kr for eit kombinasjonsbruk med kjøt og mjølk.

KVILEÅR FOR SAU

Sauenæringa har hatt eit etterlengta løft i inntekt dei seinare åra, og 2009 ser ut til å ha vore eit kvileår. Utbetalingsprisen til bonden gjekk ned om lag 50 øre per kg. Noko som er eit avvik frå den prisauken som låg inne i jordbruksavtalen 2009/2010. Vidare auka overføringane frå staten med om lag 12.000 kr pr. bruk i snitt.

(Saka held fram under illustrasjonen.)

Graf_2_web

(Illustrasjon: Tveit Regnskap)


Investeringsviljen kan i mange tilfelle brukast som eit bilete på kva framtidstru brukarane har. Skal ein dømme ut frå talmaterialet er framtidstrua god, sjølv om inntektsveksten butta noko i 2009. Både maskinbransjen og bygg/anlegg har nytt godt av investeringsviljen. I snitt investerer haugalandsbonden for 140.000 kroner i maskinar og 129.000 kroner i bygningar kvart år. Dette er meir enn ei dobling på 5 år, frå 2005. Ein del av veksten i investeringar i bygningar kan nok òg tilskrivast staten si investeringspakke i samband med finanskrisa, som òg jordbruket fekk ta del i gjennom midlar frå Innovasjon Norge.

LÅGARE RENTE

 Finanskrisa har ikkje berre ført elende med seg. Den har òg resultert i eit historisk lågt rentenivå. På lik linje med hushaldningane og anna næringsliv har landbruket òg nytt godt av dette. Rentekostnad per bruk gjekk ned med snautt 21.000 kr.

- Sjølv om jordbruksinntekta flatar noko ut held familieinntekta i jordbruket i stor grad tritt med andre grupper i samfunnet. Inntekt utanom bruket auka med om lag 16.000 kroner per bruk, skriv Andreas Lundegård i rapporten «Inntekstsutvikling Haugalandsjordbruket 2009».

Nøkkelord: Økonomi

3 kommentarer til denne artikkelen

Dei fleste som driv gard og særleg fører regnskap sjølve veit at tala er noko betre enn det kjem fram. Avskrivingane vart lagt om noko som førte til "lågare" inntekt og så har du jordbruksfrådraget som er eit særfrådrag for bøndene på opp i 142000kr årlig. Berre synd at det er på denne måten me skal "tjene penger" for dette fører vidare til dårlege pensjons og i værste fall uføre rettigheter. Hadde me heller fått tjene pengane på salg og evt betre tilskuddsordningar hadde me kunne matcha andre inntekter og fått same rettigheiter seinare i livet. 

fjellbonde - 09.11.2010 16:04

Bare litt info til fjellbonde. Jordbruksfrådraget påverkar ikkje pensjonsgrunnlaget og heller ikkje uførerettigheter. Næringsinntekta i artikkelen reknar eg med at er inntekt før jordbruksfrådrag. Og når snittet er ca 250.000,- er det ikkje alle som får eit frådrag på 142.000.- Sansylegvis ikkje halvparten ein gong, jordbruksinntekta må vera ca 340.000,- for å få fullt frådrag. 

Rekneskapsfører - 10.11.2010 15:59

hei! wa ksoter en lieter melk i Norge. svar utbes. Tusen takk, likke til og har en fin uke. Vennlig hilsen. Friedrich Hofko Dorf 43 Aä-4817 St.KonRAD 

Friedrich Hofko - 14.11.2010 19:24

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




Kart:

 
 
Bildegalleri Bondedemonstrasjon Oslo mai 2012

Bondedemonstrasjon Oslo mai 2012

Gallerier

Vis alle
Sann imydlå tædene
Sann imydlå tædene (46 bilder)
Bondelagets aksjonsdag 2011
Bondelagets aksjonsdag 2011 (29 bilder)
NBU Landsstevne 2010
NBU Landsstevne 2010 (29 bilder)
Vestlandet på dagsordenen
Vestlandet på dagsordenen (14 bilder)

Mest kommenterte

Søker innspill om økologisk produksjon

Mattilsynet ønsker en helhetsvurdering av økologisk produksjon og økologisk produsert mat.

Vil ikke ha nytt slakteri i Namsos

Indre og Midtre Namdal Bondelag vil ikke ha nytt slakteri i Namsos. De ønsker full oppslutning om No…

Frykter 12.000 øko-brokkoli blir dyrefôr

Grønnsaksprodusent Heinrich Jung fortviler over å ha lageret fullt av førsteklasses øko-brokkoli, sa…

Færre lam slaktet hos Nortura

Flere saueprodusenter har valgt å levere til konkurrerende slakterier av Nortura, noe som har ført t…

For store utfordringer

Melkeprodusent Torbjørn Stene fra Beitstad er sliten av å jobbe døgnet rundt. Stene var for seks år …

Mest lest


Se lamminga live

Se VIDEOKLIPP fra videooverføringen av lamminga i sauefjøset til Arnstein Solem og Marit Mjøen Solem…


Slakter dyrene i protest

Frustrerte bønder i Gauldalen har meldt inn hele dyrebesetninger til slakt, etter tilbudet fra state…


Agro Dynamica oppfordrer leverandørene å delta i storaksjonen i Oslo

Mandag 21. mai fylles Oslos gater opp av traktorer og bønder fra hele landet til "Opptog for norsk m…


Over halvparten av norske bønder jobber utenom gården

60 prosent av landets bønder jobber utenom gården.

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Mat og marked

Melk er en drikk vi nordmenn har vokst opp med og tradisjon og nærhet spiller også en rolle når vi velger melk, sier konserndirektør Hege Holter Brekke i Tine. Foto: Tine

Norden vil ha fersk melk

Ni av ti nordmenn foretrekker fersk melk framfor langtidsholdbar melk, viser en internasjonal undersøkelse Norstat har gjennomført i syv europeiske land på vegne av TINE.

Mattilsynet advarer mot importerte prydplanter av slekta Solanum

Matprisene falt i april

Økomat blir stadig billigere

Krever milliarder fra Monsanto

Nye trusler mot tomatproduksjonen

Næringsutvikling

Produktivitetsutviklingen i jordbruket dreier seg blant annet om vesentlig økt ytelse per dyr, større avlinger per arealenhet, bedre utnyttelse av fôr, nye metoder for å behandle grovfôr, maskiner med større kapasitet, redusert arbeidsforbruk per produsert enhet. Foto: Frida Meyer

Høy produktivitetsvekst i jordbruket

Jordbruket viser vedvarende høy produktivitetsvekst, høyere enn de fleste, nesten alle, norske bransjer og på samme nivå som oljebransjen.

Lite Listeria hos småskala osteprodusenter

Tidlegbær-satsing i Rogaland

Hanen-produkter i vinden

Samler produksjonen i ett anlegg

Fra Geno til Bondelaget

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.