Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fangar metall med magnet i formiksaren

Bonde finn metallsøppel i fôrmiksaren kvar dag.

Den nederlandske melkebonden Pim Lenferink har magnet på sneglane i fôrmiksaren. Foto: Trioliet

Med magnetar på sneglane i fôrmiksaren fangar den nederlandske mjølkebonden Pim Lenferink alt frå spiker og skruar til små metallpartiklar og udefinerbart metallsøppel, slik at det ikkje finn vegen til fôrbrettet.

– I løpet av ein månad samla me rundt 30 metallgjenstandar i fôrmiksaren. Me finn skarpe metallbitar nesten kvar dag, fortel han i ei pressemelding frå Trioliet.

Metallfangsten fra fôrmikseren til Pim Lenferink i løpet av en måned. Foto: Trioliet

Kvar alt metallet kjem frå veit han ikkje sikkert, men Lenferink trur at metallforureininga i fôret kan skuldast alt frå vaksne og barn som kastar frå seg søppel i enga til fulgar som synest redematerialet blei for tungt å fly med i nebbet.

Annonse

Ganske nyleg oppdaga Pim Lenferink at magnetane var dekka av eit tjukt lag med metallstøv. Det var ekstremt små partiklar av metall, som truleg stamma frå ein leveranse med kjøpt konsentratfôr.

Magnetene er festet på sneglen i fôrmikseren. Foto: Trioliet

– Det medfører ingen umiddelbar skade, men det skal ikkje vere der. Utan magneten ville me aldri vore i stand til å samle metallstøvet, og magnetane burde vore standard i einkvar fôrmiksar. Det ville spare dyra for mange lidingar, meiner han.

Forskingssenteret til Wageningen Universitet reknar med at rundt 12 000 kyr blir skada søppel i fôret kvart år, og at 4 000 kyr døyr kvart år av indre skadar som følgje av at dei har ete skarpe gjenstandar. Dei har sett på kva søppel forårsakar av skadar og konkluderer med at det kostar europeiske mjølkebønder 14 millionar euro, eller 130 millionar norske kroner, i året i veterinærutgifter, dyredød og redusert mjølkeproduksjon.

Neste artikkel

DeLaval avduket nyheter