Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Keenan tar sats i Noreg

Etablerer sals- og rådgjevarapparat for norske mjølkeprodusentar.

Nå satsar Keenan på den norske marknaden med både fôrmiksarar og fôrrådgjeving, fortel Magne Kolstad, som er sjef for Alltech Norge. Foto: Dag Idar Jøsang

I mange år har Keenan vore representert i Noreg gjennom den svenske Keenan-importøren, J-O Brink Sweden AB, men etter at Alltech kjøpte Keenan i 2016 har det blitt jobba med å rede grunnen for ein norsk Keenan-organisasjon.

– Me har brukt lang tid på å førebu og lande ein struktur for satsinga i Noreg, men nå er me i gang. J-O Brink har gjort ein god jobb for Keenan på den norske marknaden, men samanlikna med andre land har Kennan tapt marknadsdelar på at me ikkje har vore sterkt nok til stades på den norske marknaden, seier Magne Kolstad, som er sjef for Alltech i Norge.

Økomelkprodusent Ole Røed oppgraderte til InTouch med en ny Keenan McFiber 345 i desember. Foto: Dag Idar Jøsang

Som eit ingrediensselskap har Alltech tilstades over heile Noreg i mange år, men dei har vore mest retta mot akvakulturnæringa. Nå tar dei også grep for å vekse innanfor landbruk, der dei ser eit stort potensial.

Det første Alltech har gjort er å hente Peter Vagn Andersen frå Tine Rådgiving. Kolstad understreker at Keenan ikkje ønskjer å etablere seg som ein konkurrent til Tine, men meiner dei to rådgivingsorganisasjonane kan utfylle kvarandre godt. Andersen går inn i eit stort rådgivingsapparat, der han har ansvaret for rådgjevinga til alle Alltech sine InTouch-brukarar. Det betyr at data frå InTouch blir analysert og tolka og så er det Andersen som står for rådgjevinga.

Annonse
Keenan har kapret den danske rådgiveren Peter Vagn Andersen fra Tine Rådgiving. Foto: Dag Idar Jøsang

Mens J-O Brink har eit eige senter for overvaking av data for sine svenske og norske kundar i Sverige, er det ennå litt usikkert korleis det skal organiserast i Norge. Det er etablert eit senter i Danmark, som truleg blir felles for Norden, men den avgjerda er ikkje tatt.

– Me kan bruke senteret i Irland, men på grunn av språkbarriera vil me truleg opprette eit felles senter for Norden i Danmark.

Salet av dei irske fôrmiksarane er det danske Bo Aagaard som skal leie, og han var til stades på den første av mange demonstrasonane, som blei arrangert hos Ole Røed i Sarpsborg den 22. mars. Alltech vil såleis skille mellom sal og rådgjeving. Til å ta seg av service har Keenan satsa på eit samarbeid med Karmøy Sveis & Landbruk, som har stått for servicen på Keenan i Noreg i mange år.

Bo Aagaard og hans folk får ansvar for salg av Keenan sine fôrmiksere i Norge. Foto: Dag Idar Jøsang

Neste artikkel

– Vi skal bli markedsleder på fullfôrblandere