Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig kutt i løyvinga til GenØk

Arbeidet til GenØk skal evaluerast.

Regjeringa foreslår å redusere grunnløyvinga til GenØk frå 11,9 til 5 millionar kroner i 2018. Den uavhengige stiftinga har som føremål å forske på miljø-, helse og samfunnsmessige konsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, og blei i 2007 utnemnd til nasjonalt kompetansesenter innan biotryggleik.

I stortingsproposisjonen frå Klima og miljødepartementet står det at departementet vil redusere løyvinga med 6,9 millionar kroner, og at departementet tar sikte på å evaluere forskings- og rådgivingsarbeidet til GenØk for å målrette arbeidet ytterlegare, Departementet vil også vurdere nye måtar å organisere dette arbeidet på.

Målet med løyvinga er å støtte utviklinga av GenØk som eit kompetansesenter på genteknologi, men departementet skriv at det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringane.

Annonse

Mat- og landbruksdepartementet foreslår også eit kutt i same gate, når dei går inn for å fjerne løyvingar til mange frivillige organisasjonar. Ein av organisasjonane som mister statsstøtta er Nettverket for GMO-fri mat og fôr. Dei fekk 1,5 millionar kroner over statsbudsjettet for 2017

Neste artikkel

Grunn bearbeiding med bølgeskål