Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Moi med kombimodell frå Bomech

9 meters arbeidsbredde og 570 kilo.

I samarbeid med Bomech har Moi AS utvikla ein spreiebom som både kan brukast bak på gjødselvogna og bak på traktoren.

Å spreie gjødsel med slepeslange, har blitt meir og meir vanleg dei siste åra, men det er ikkje alle som rekk over alle areala med slangar. Då er det framleis bruk for gjødselvogna.

Hos Moi AS har dei saman med Bomech utvikla ein spreiebom som enkelt kan flyttast mellom traktoren og gjødselvogna. Det fiksar ein ved for eksempel å bruke eit triangel i kombinasjon med 3-punktsopphenget.

Annonse

Arbeidsbreidda på bommen er ni meter, mens produsenten oppgir at eigenvekta ikkje er meir enn 570 kilo. Fordelar og kuttar er laga hos den velkjende, tyske fabrikanten Vogelsang, og for å svinge bommane, trengst det eitt dobbeltverkande hydraulikkuttak. I tillegg trengst det eitt uttak til å betjene fordelaren.

Med ein sylinder på løftet er spreiebommen både enkel å setje av, og det er enkelt å tilpasse høgda når ein kjører.

Neste artikkel

Jon Erik Borgen følger Moi til EuroPRO