Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Serigstad får støtte til innovasjon

Får 510 000 til datafangst i automatisk fôring.

Egil Mæland (t.v.) og Serigstad hadde One Touch Feeder på test hos Geir Nesse i 2015. Nå ønskjer Serigstad å ta både eitt og to steg vidare. Foto: Dag Idar Jøsang

I 2015 lanserte Serigstad den skjenegåande fôringsvogna One Touch Feeder, og sigaliserte sterkt at dei arbeider med å utvikle heilautomatisk fôring. Nå har jærbedrifta fått 510 000 kroner i støtte frå Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP), for å satse på datafangst i landbruket.

Les også: Fjøssystemer kompletterer med Serigstad

– Dette er ein del av Serigstad si satsing på automatisk fôring. Me skal tilby bonden produkt for handtering av grovfôr heilt frå plansilo, tårnsilo eller rundball og til det ligg på fôrbrettet. Samstundes skal bonden ha full kontroll på kva som ligg på fôrbrettet framfor kua. Meir enn det kan eg ikkje fortelje av omsyn til konkurransen, fortel Egil Mæland, som er sals- og marknadssjef i Serigstad.

Annonse

Den tradisjonsrike landbruksmaskinprodusenten vil bruke designkompetanse frå EGGS Design for å utvikle ei løysing for automatisk fangst av data som ligg i maskinane.

– Me arbeider med ganske mykje forskjellig på Serigstad for tida. Noko held med på å teste, noko er på teiknebrettet og andre ting eksisterer berre i hovuda våre ennå, seier han.

Neste artikkel

Skal kåre verdens beste oster – i Norge