Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Shiip har kontroll på sauene på beite

Tar i bruk ny internetteknologi for å spore dyr på beite.

Eit beitelag frå Ryfylke testa Shiip på tusen sauer i Lyseheiene i sommar. Etter nokre justeringar fungerte sporinga som tenkt. Foto: Paul Tore Barkve

I ti år har Bjørn Høyland spekulert på korleis ny teknologi kan hjelpe sauebønder å følgje med på kvar sauene er på beite, og korleis dyra har det. Han var overtydd om at satellittkommunikasjon var tingen, men klarte ikkje å presse prisen langt nok ned.

Det var då sauebonden fatta interesse for ein heilt ny teknologi: Narrowband IoT, eller tinga sitt internett, som det også heiter. Ein teknologi som er utvikla for at ting kan koplast saman og styrast gjennom eit nettverk.

Signala til tinga sitt internett blir gjerne levert av mobiltelefonoperatørar som Telia og Telenor. Dei har ein lågare frekvens enn mobiltelefonar brukar, er meir langsame, men til gjengjeld er dekninga betre i kupert terreng.

Sauebonde Bjørn Høyland frå Lye i Gjesdal har utvikla Shiip saman med Bryne-firmaet Nortrace. Foto: Telia

– Tidlegare har kommunikasjonen vore ei utfordring, men det har Telia greitt å løyse, slik at han fungerer veldig godt nå. Det er ikkje slik at det må vere god mobildekning på fjellet eller heia for at denne teknologien skal fungere, fortel Høyland.

Sauebonden frå Gjesdal i Rogaland har utvikla eit system med tovegskommunikasjon som både rapporterer og kan spore opp enkeltdyr på kommando.

– Når eg skal på tilsyn eller sanke dyra, kan eg be om å få posisjonen til kvart enkelt dyr akkurat der og da, fortel Høyland.

Annonse
Telia reknar med å ha dekka landet med sendarar for Narrowband IoT-teknologi innan starten av 2019. Foto: Paul Tore Barkve

I sommar blei systemet testa på tusen sauer i Lyseheiene, og nokre justeringar blei gjort både undervegs og etterpå.

Sidan Narrowband-teknologien berre brukar straum når han sender eller tar mot signal gjer at levetida på batteriet blir svært lang. Batteria skal ikkje ladast mellom sesongane, og likevel lovar produsenten ei batterilevetid på mellom fem og ti år.

Det er Westcontrol på Tau i Rogaland som skal produsere Shiip, og produksjonen startar på nyåret. I starten av november hadde Høyland fått inn bestillingar på rundt 15 000 sporingseiningar. Prisen er sett til 750 kroner per eining, og i tillegg kjem det eit abonnement med fri datatrafikk som kostar 99 kroner i året.

Prisen for ein klave er 750 kroner, og den kan også brukast på storfe og rein. Foto: Paul Tore Barkve.

– Me har fått bestillingar på alt frå tre til 500 sporarar, men mange har bestilt 10, 15, 20 stykk for å prøve om det fungerer. Me har også bestilling frå folk som vil bruke Shiip på storfe, og også frå reinnæringa har det vore interesse, fortel Bjørn Høyland.

Ei større sak om Shiip finn du i Norsk Landbruk nummer 19, som skal vere i postkassen til abonnentane våre denne veka. Er du ikkje abonnent kan du kjøpe abonnement her.

Neste artikkel

Led dem ikke inn i fristelse