Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven kan levere mjølk til den beste isen i verda?

Den norske økomjølka har visstnok ikkje dei rette kvalitetane å lage is av.

Foto: Marcus Pasveer

Me som representerer matprodusentar og matforedlarar i Noreg, må vel innrømme at me reagerte litt seint på at ferierande nordmenn kom heim frå ferie i utlandet med nye matvanar. Å lage spennande spansk og gresk mat på trauste, norske råvarer var ei stor utfordring, for dei bondeeigde, norske samvirka var ikkje akkurat tidleg ute med å by på nye smakar og spenstige kvalitetar.

Det har skjedd veldig mykje med norsk matproduksjon dei siste 20-30 åra, men for all del: Me har framleis ein lang veg å gå på mange område. Likevel synest eg det er litt rart at Jon-Frede Engdahl og hippe Kolonihagen.no må til Nederland for å lage kvalitetsis. Berre det beste er godt nok når Kolonihagen marknadsfører seg med at deira råvarer er naturleg framstilte og laga på det tidspunktet dei smakar mest. Råvarene skal vere framstilte på sine eigne premiss og utan bruk av kunstige tilsettingar, og bli produserte på ein berekraftig måte, av omsyn til jorda og dyra.

Årsaka til at isen må lagast i Nederland, er at me ifølgje Engdahl ikkje har god nok mjølk i Noreg. Han vil ha mjølk full av det sunne proteinet A2 beta-kasein. Alternativet er A1 beta-kasein, som enkelte forskarar trur kan gi diabetes 1 og hjarte- og karsjukdommar. At jersey har A2-mjølk, mens NRF gir A1-mjølk, har vore utgangspunktet til Kolonihagen.

Underteikna er ikkje den som løftar den økologiske fana aller høgast. På moro kan eg gjerne be om eit konvensjonelt alternativ til folk som byr meg på økologisk mat, berre for å studere ansiktsuttrykka deira. Dei kan vere ubetalelege. Litt forenkla meiner eg at me ikkje kan forsyne folk i verda med nok økologisk mat. Me kan ikkje bruke våre dyrebare jordbruksareal på å dyrke 40 prosent mindre mat enn jorda kan bere fram på konvensjonell måte.

Annonse

Det betyr ikkje at eg vil kaste all økologisk matproduksjon på båten. Langt ifrå. På same måte som me treng private skular som alternativ til den offentlege skulen, fordi dei gjerne går sine eigne vegar, treng med bønder som driv økologisk. Fordi dei har eit ekstra insentiv til å vere smarte og flinke. Kunnskapen dei tileignar seg, er ofte nyttig også for konvensjonelle bønder. Når Engdahl seier at dei ikkje har funne norsk økomjølk som tilfredsstiller krava, er det rart at dei ikkje har oppdaga og vore i kontakt med Ole Røed og resten av økomjølk-miljøet i Østfold. Dei hald trass alt til rett utanfor hekken til Kolonihagen.

I ein debatt på Dagsnytt atten på NRK kunne fagsjef Harald Volden i Tine fortelje Jon-Frede Engdahl at Tine kan levere norsk økomjølk og krysse av for alle kvalitetskriteria Kolonihagen leitar etter. Det er kanskje ikkje å forvente at ein matgründer som Engdahl skal lese Norsk Landbruk, men om han hadde gjort det, ville han ha visst at økomjølkbønder i Østfold har som mål å produsere mjølka si på 95 prosent norske råvarer. Derfor er åkrane i år sådde med både åkerbønner og raps for å erstatte soya i kraftfôret.

Så tett kontakt som Kolonihagen seier dei har med det norske økomiljøet, er det rart dei ikkje gjorde ein grundigare jobb med å sjekke om Tine kunne levere mjølka dei ønska. Nå får me heller glede oss over at misforståingane blei oppklarte på direkten i NRK-studioet, og at Engdahl lova å velje norsk mjølk om den oppfyller krava hans. Så får me håpe at isen smakar.

Neste artikkel

Hva kan vi gjøre for biene?