Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liv og helse først

Dei siste åra har eg spurt mange I-mek-leverandørar og rutinerte storfebønder om eksempel på fjøs der ein kan flytte på og behandle dyr trygt og enkelt. Det er langt mellom stjerneeksempla.

Spørsmålet fører ofte til ein lang tenke­pause. I-mek-leverandørane har gjerne gode eksempel på teiknebrettet og under planlegging. Bøndene har sett fine fjøs, men det er oftast eit men. Ein eller annan stad i dyreflyten i fjøsen, eller inn og ut av fjøsen, har ein måtta kompromisse. Slik er det oftast, både for dei som byggjer nytt og for dei som byggjer om.

I vinter besøkte eg ammekuprodusenten Kristian Hovde i Brumunddal. 36-åringen har bygt eit sorteringsanlegg, der han trygt og enkelt kan både vege, klippe og behandle storfe. Nå kan til og med barna hjelpe far med å drive dyra frå binge til behandling og veging. Så gjeld det berre å lage eit opplegg for å få dyra sikkert til og frå sorteringsanlegget, opp og ned av dyrebil eller hengarar.

For å sette ting i perspektiv, seier Kristian Hovde at det var dette bygget han eigentleg skulle ha starta med. Det er neppe mange vordande ammekubønder som ser seg råd til å følgje det rådet, men det seier likevel noko om kor viktig det er å tenke på eigen tryggleik når ein planlegg eit fjøs. Brumunddølen talar av erfaring. Sjølv om han er ein dyrekjennar, har han bokstaveleg talt fått oppleve kjempekreftene til ein sint okse på kroppen. Det skal berre ei skremt ku til, for at du får eit spark som gjer at du ikkje greier å reise deg. Det skal berre ei nykalva kvige med sterkt mors­instinkt til, før ho stangar. Eller kanskje ein okse som det plutseleg har klikka for. Det kan skje.

Annonse

Eg fryktar at me vil få mange historiar om bønder som har blitt kvesta av kviger, kyr og oksar i åra som kjem.

Kristian hovde reknar at kvart dyr er i behandlngsboksen og vekta tre gonger i året. Det er berre å gange opp kor mange gonger i året det kan skje ei ulykke berre der. I tillegg kjem kalvingar, flytting av dyr mellom bingar, transport til og frå beite. Dei siste åra er det mange som har satsa på ammeku, og mange går med planar. Eg fryktar at me vil få mange historiar om bønder som har blitt kvesta av kviger, kyr og oksar i åra som kjem.

Inger Synøve og Magnus Johnsen har heller ikkje den perfekte fjøsen eller det perfekte driftsopplegget. Derfor har dei laga reglar. Ingen har lov til å gå inn i ein dyrebinge utan at det er andre i fjøsen, eller at ein i det minste har kontakt på telefon. Det er sjølvsagt enklare når ein er tre fulltidstilsette på garden, enn når ein driv åleine på deltid. Poenget er ikkje å foreslå reglar som folk umogleg kan leve opp til. Poenget er å bevisstgjere folk på å ta sine forholdsreglar. Å tenke gjennom alle deler av måten ein behandlar dyra på, og lage seg opplegg som fungerer i både teori og praksis.

Det viktige er å ha gode rutinar, og aldri ta potensielt farlege snarvegar. Ikkje gjer eit unntak fordi det tar to minutt ekstra å hente ei lettgrind. Ikkje ta sjansen på å stå med ryggen til oksen og arbeide, sjølv om det vil gå bra i 99 av 100 tilfelle. Det ideelle ville vore å gå to i fjøsen, også når det skjer noko på natta. Magnus går åleine, men ringer kona når han går inn i bingen. På Facebook har mange reagert på at han brukar hørselvern, men viss mikrofonen ikkje fangar opp alt som skjer, lettar han den eine øyreklokka, slik at eitt øyre er fritt. Det er den nest beste løysinga.

Ikkje alle har nokon som kan passe på når det er behov for å gå blant dyra. Ikkje alle har nokon å ringe midt på natta. Men alle kan optimalisere tryggleiken i sin eigen fjøs og minimere risikoen for at ulykker skal skje.

Neste artikkel

Rekk opp hånda, selv om det er skummelt