Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når galskapen får rå

Gratulasjon skapte oppstyr på facebook.

– Her i gården bestemmer 225 000 fantastiske melkekyr. Gratulerer med kvinnedagen!

Det var bodskapen på Facebook-sidene til Tine den 8. mars. Dei fekk raskt fornærma kommentarar og sinte emojiar. Nokre følte seg krenka fordi dei meinte det var usmakeleg med gratulasjonar frå kyr. Dei kan eg på ein måte forstå, for humor på nett er ikkje alltid så lett. Felleskjøpet får kvart år pes fordi ein butikk for nokre år sidan reklamerte med tilbod på oppvaskkostar til 59 kroner. Tine tok då også sjølvkritikk og fjerna Facebook-posten sin.

Men meir krenka enn feirande, norske kvinner, var folk som kjempar ein kamp for at dyr skal behandlast som menneske. På Facebook-sida til Noah – for retten tll dyra, rann det over av sinte innlegg. For i augo til veganarar er vanleg mjølkeproduksjon i strid med kurettane. Dei stakkar kyrne får nemleg ikkje sjølv bestemme når dei vil ha kalv, dei blir noko så uromantisk som tvangsinseminerte, dei blir fråtatt kalven sin etter fødselen og dei får ikkje leve til dei døyr ein naturleg død. Menneske utnyttar kyrne berre for å få mjølk og kjøt. Det er sjølvsagt mest til å flire av. Den same tankegangen ligg bak at talskvinna for denne organisasjonen, veterinær Siri Martinsen, ikkje brukar klede av ull. Ulla kjem nemleg frå ufrie sauer, som vert utnytta på det grovaste for ull og kjøt. Derfor oppfordrar ho heller folk til å bruke fleece. Å frigjere sauene er viktigare enn litt mikroplast i havet. Moro.

Det som ikkje er like moro, er at Noah blir tatt seriøst av både media, politikarar og vanlege folk i enkelte spørsmål. Allereie 9. mars hadde Dagbladet ein artikkel der Siri Martinsen fekk lekse opp om undertrykte kyr.

Annonse

Denne organisasjonen står i front i kampen mot pelsdyrnæringa, og det er truleg kampen mot pels som gjer at dei i skrivande stund har 145 000 følgjarar på Facebook. Det har dei, trass i at dei er rimeleg snare med å kaste ut folk. Det fekk underteikna merke på kvinnedagen. Eg er usikker på om eg hadde vore inne på sida før, men rota meg i alle tilfelle inn og fall for freistinga til å skrive ein kommentar om dyrevelferd og mjølkeproduksjon.

Eg kunne kanskje opplevast på kanten til frekk då eg skreiv at eg forstod at enkelte kvinner følte seg krenka av Tine, men at eg ikkje forstod folk frå Noah. Så kom det nokre linjer om kongen av avdråttstoppen, Konrad Nordheim, og hans fantastiske resultat på 14 200 kilo i avdrått per ku. Her måtte eg leggje til at dette klarar han i eit 80 år gammalt båsfjøs og med moderate 26 kilo kraftfôr per 100 liter EKM. Mon tru om det var kommentaren om at det ville kyrne på Sjernarøy aldri gjort om dei ikkje hadde det godt, som gjorde at innlegget blei sletta og eg blei kasta ut av gruppa?

Det siste tar eg for så vidt ikkje så tungt. Eg ville neppe brukt så mykje tid i denne gruppa uansett. Det som plagar meg meir, er at desse folka blir tatt seriøst av folk som bestemmer i dette landet. Noah har ein ekstrem agenda. Den dagen dei lykkast med kampanjen sin mot pelsdyr- oppdrett, står neste dyreslag for tur. Mon tru om det då er kylling som skal sleppast ut i det fri? Eller høns. Denne gjengen drøymer nemleg om å få slutt på alt dyrehald i landbruket. Det bør folk som stiller seg bak Noah sine faner i demonstrasjonar, vite om. �

Neste artikkel

Kven kan levere mjølk til den beste isen i verda?