Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppe fyrst og sist i seng

Dei kvinnelige mangesyslarane i landbruket er på veg tilbake.

Marita Aanekre driv med Inn på tunet heime på garden. Du kan lese om tilbodet hennar i Norsk Landbruk nr 7 som er ut no. Foto: Marit Glærum.

Når du har kome deg heilt hit til siste sida håpar eg du har bitt deg merke i at dette bladet er spekka med driftige damer med kvardagen sin i landbruket. Hadde dette vore eit blad som kom ut på byrjinga av 1900-talet, eller tidligare, ville historiene også kunne handla om driftige damer, men dei ville sannsynlegvis ikkje ha drive garden sjølv.

Norske gardsbruk har gjennom alle tider vore avhengige av kvinna og hennar arbeidsinnsats. Dei hadde innestellet med omsorg for ungar, gamle og sjuke, mat og reinhald. Over heile landet låg også fjøsstellet til kvinnenes oppgåver. Mannfolka kunne gjerne ikkje noko om verken mjølking eller fôring av dyr. Ho mor var ute i fjøset og stelte kyr, sauer og gris før ungane vakna inne i huset. Damene var oppe fyrst og sist i seng. Det er også tittelen på ei bok om kvinners rolle i Noreg skreve av Anne Jorunn Avdem i 1985. Her finn ein, blant mykje anna, ei forklaring på kva som skjedde når kvinnene forsvann frå landbruket etter krigen. «Forsvinninga» blir beskrive i tre fasar.

1. Avtausiseringa

2. Avtantiseringa

3. Avkoniseringa

Den raske veksten i industrien, og etter kvart den tenesteytande sektoren, gjorde at den undersysselsette arbeidskrafta i landbruket vart drenert ut. Først forsvant tausene, tenestejentene, og i neste omgang også dei kvinnelege slektningane, tantene. Med stadig modernisering, rasjonalisering og nedlegging av små bruk tok etter kvart også konene seg arbeid utanom garden. Med god hjelp av teknologien var mannfolka endelig blitt i stand til å mjølke sjølv. Konsekvensen var gjerne at foredling av produkt og utnytting av naturressursane, som hadde ligge til kvinnas oppgåver, opphøyrde.

I 1969 var kvinneandelen i landbruket 6,4 prosent. I 1989, femten år etter den likestilte odelslova, var andelen på 9,5 prosent. I 1999 var kvinneandelen 12,9 prosent. Sidan da har me klart å klatre heile vegen til at 15 prosent av landbruksbedriftene i fjor vart drive av kvinner. Det går med andre ord rimeleg sakte mot det uttalte politiske målet om 40 prosent kvinner i landbruket. Men, eg augnar håp. Stadig auka interesse og fokus på lokale råvarer og vidareforedling gir rom for fleire arbeidsplassar på garden. Inn på tunet det same. Det feminine med bruk av alle tilgjengelege ressursar og omsorg for alle rundt seg snik seg inn att i denne mannsdominerte næringa. Eg håpar vi snart ser slutten på folks spørsmål om «kva mannen din gjer» når ei dame seier ho skal bli gardbrukar. Me er også fullt i stand til å drive alle typar gardsbruk, om så gubben har fullt arbeid utafor garden. Eg håpar alle damer som sit og lurar på om deg skal skapa seg ein arbeidsplass i landbruket gir gass og gjør noko med draumane! Treng du moderne inspirasjon, oppfordrar eg til å følgje kontoen kvinnebonde på Snapchat. Analogt kan kanskje dette diktet av Kolbein Falkeid gi deg eit spark bak.

PRIVAT HUSKEREGEL

Du skal ikke klistre fine øyeblikk

opp på veggen i tankene

Annonse

og forgylle dem med lengselen din.

Du skal kjøre spettet

hardt innunder arrete hverdager

og vippe dem opp.

En etter en.

Det er derfor

livet har deg på mannskapslista.

Kolbein Falkeid

Neste artikkel

Konspirasjonsteorier om glyfosat på NRK