Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stol på vitskapen

Det er på høg tid å utfordre landbruket og politikarane på genmodifisering av planter og dyr. Tida har allereie løpt frå den kategoriske motstanden mot alt som heiter GMO.

Det som var ein forståeleg skepsis og motstand til ein heilt ny teknologi på 90-talet, har tapt seg mot 25-30 år med vitskapleg dokumentasjon og utvikling av ny teknologi.

Som ung vaksen var eg ei relativt konservativ sjel i mange verdispørsmål. Føre var-argumentet overbeviste meg om at det beste var å seie nei til GMO. Eg blei verken utfordra på kunnskapen eller haldningane mine til GMO før i 2008, då Hilde-Gunn Opsahl Sorteberg serverte ein brannfakkel i Norsk Landbruk, med argument for genmanipulerte poteter.

Eg byrja å tvile på mitt eige standpunkt. Eg var jo inneforstått med at standpunktet ikkje var tufta på kunnskap. Det byrja å plage meg. Eg måtte skaffe meg meir kunnskap, og oppdaga at det var større konsensus blant vitskapsfolk om at GMO var trygt, enn det var om global oppvarming blant klimaforskarar. Korleis kan ein forsvare å tru på vitskapen i klimasaka, og fornekte vitskapen om GMO?

Eg forstår at mange framleis er skeptiske til GMO, men vil gjerne utfordre motstanden. I desember inviterte Bioteknologirådet til debatt om genteknologiloven. Bioteknologirådet foreslår å mjuke opp GMO-regelverket, og forenkle godkjenninga av nokre typar GMO. Enkelt sagt argumenterer dei for at endringar som kan oppstå naturleg, eller gjennom vanleg konvensjonell arv, skal forskinga berre krevje meldeplikt til styresmaktene. Det er eit rasjonelt argument.

Annonse

Andre genetiske endringar innan ein art meiner dei skal krevje forenkla konsekvensutgreiing, nivå 2, mens genetiske endringar som kryssar artsbarrierar, eller involverer syntetisk DNA, må følgje dagens krav til konsekvensutgreiing. Det siste er nivå 3. Det er gode forslag. I dag har Noreg svært strenge vilkår for å tillate GMO. Det einaste GMO-produktet Norge har godkjent, er lilla nellikar. Om Stortinget vedtek forslaget frå Bioteknologirådet, kan me ikkje lenger ha eit så prisippielt standpunkt til GMO, verken i mat eller fôr. Me må skilje mellom GMO-ar på nivå 1, 2 eller 3.

På eit tidspunkt blei kanskje nei til GMO brukt like mykje som eit tilleggsargument for å stoppe import av utanlandske matvarer. Ein såg føre seg at eit nei til GMO, ville gjere det lettare å stoppe utanlandske matvarer ved grensa. Meiningsmålingar viste at ein overveldande del av det norske folk ikkje ville ha GMO-mat. GMO-fri mat kunne bli eit kjempefortrinn for norsk­produsert mat.

Den strategien har slått feil. For det første har GMO-mat vist seg å vere trygg å ete både for mennesker og dyr. For det andre har teknologien endra seg. Den har blitt enklare, tryggare og billegare. Det er ikkje berre store, multinasjonale gigantkonsern som kan bruke han. Det kan også små og store norske selskap. Geno og Norsvin vil bli utkonkurrerte internasjonalt viss dei ikkje får lov. Norske potetprodusentar vil bli utkonkurrerte av utanlandske, som slepp å sprøyte mot tørråte. Og det er berre starten.

For landbruket sine organisasjonar bør dette vere ein tankevekkar. Me er i ferd med å tape konkurransen med utlandet på grunn av utdaterte haldningar. Matprodusentar i andre land vil kunne få friskare planter og større avlingar med mindre bruk av plantevernmiddel, og friskare dyr som produserer betre og med eit lågare klimaavtrykk. Me kan ikkje lenger bruke argumentet om at norske forbrukarar er negative til GMO, og tru at GMO-fri, norsk mat er ein garanti mot importert mat. Den dagen norske forbrukarar innser fordelane med mat som er genredigert, vil ingen tollmurar i verda vere sterke nok til å stoppe maten ved grensa. Norske bønder er ikkje tent med haldningar basert på føleri, og det må bli slutt på at landbruket støttar ideologiske og anti­vitskaplege argument.

Neste artikkel

Vil myke opp GMO-regelverket