Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ta ein for laget

Det norske landbruket sitt største fortrinn er helsetilstanden. Men viktige produksjonar heng etter i smittevernarbeidet, og må bli meir medvitne.

I august var eg på besøk hos Trond Vidar Berge på Nordåsen i Gjesdal. Garden ligg ikkje meir enn halvannan mil i luftlinje frå det dyretette området på flate Jæren, men garden ligg godt beskytta mellom fjell, dalar og vatn, under 500-600 meter høge fjell. Den driftige bonden har både slaktegris og sau, men det er ammekyr som er den store lidenskapen.

Årsaka til besøket var at veterinær Harald Holm, som er ansvarleg for kontrollprogrammet for BRSV og BCoV, hadde merka seg at Berge med stor iver var ein av dei første ammekuprodusentane som fekk grøn status fordi dyra var smittefrie, og garden oppfylte alle krava til smitteførebygging.

Kravet om å lage smittesluse, og gjennomføring av andre smitteverntiltak, kom for fleire år sidan. Mange bønder har tatt krava til etterretning og gjennomført dei, men ikkje alle. Det er lett å forstå at økonomien kan være så trong at det ikkje freistar å bruke pengar på tiltak når dagens ordning i praksis har fungert i mange år, men at ei tilpassing ikkje treng å koste mange kronene, er Trond Vidar Berge eit godt eksempel på.

I tre og eit halvt år har Berge drive i driftsbygningane som var på garden då han kjøpte han. Når ammekyrne ikkje er ute på beite, held dei hus i kvar krik og krok i den gamle mjølkefjøsen. Fjøsen blei bygd i ei tid der dei færraste var spesielt opptekne av smittevern, då smittesluse var eit ukjent omgrep, og både dyrebilsjåførar og andre fjøsvandrarar gjekk inn og ut av fjøsen som det passa dei.

Nesten utan å bruke pengar har Berge laga eit gjennomtenkt opplegg for å minimere risikoen for at besøkande drar med seg smitte til garden hans. Det gamle tank­rommet hadde to dører ut. Alt han gjorde var å reservere den eine døra for besøkande, mens den andre er inngangsdør for garden sine folk. To plankar festa til golvet, markerer grensa for slusa. Etter å ha kledd og skodd seg slik Berge krev, går den besøkande ut den andre døra, for så å gå inn ei tredje dør for å komme til dyreromma.

Annonse

Med å bruke storfegrinder på utlast­ingsrampa, har han laga eit opplegg som gjer at dyrebilsjåføren berre oppheld seg rundt bilen under henting av storfe.

Trond vidar berge har tatt rolla som smittevernsjef på eigen gard på alvor. Han har tenkt å leve av livdyrsal og hevar smitteverntiltaka til eit nytt nivå når han denne hausten byggjer ny fjøs til ammekyrne. Då blir fjøsen gjerda inn, slik at alle besøkande må gjennom ei ny smittesluse for å komme inn på området der fjøsen ligg. Då blir det også slutt på å kjøpe livdyr.

Poenget med fungerande smittesluser, lasteramper og alle andre smitteverntiltak er å heve vernet eit hakk eller to. Hos nokre kostar det meir i form av haldningsendring enn det kostar i kroner og øre, mens hos andre vil det koste nokre kroner også. Den andre delen av rekneskapen bør likevel vere langt meir skremmande. Pengane ein kan tape på å få smittsam diaré inn i kalveflokken, er redusert tilvekst, eller i verste fall at kalven stryk med. Skulle mjølkekyrne bli smitta, kan det føre til at avdråtten fell kraftig, og at kyrne i beste fall må vente til neste laktasjon før dei greier å hente seg inn igjen. Eit anna eksempel på ein smittsam sjukdom som er på frammarsj i Noreg, er klauvsjukdommen digital dermatitt.

Det er med smittevern som det er med vaksinering av barn: Smittespreiinga vil halde fram dersom det er for mange gratispas­sasjerar. Det har ingen av oss råd til. Sjølv om smittsame sjukdommar aldri har vore noko problem for deg: Ta ein for laget!

Neste artikkel

Hubbard – realitet eller religion?