Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

5 900 kroner meir på botnlinja

Eit lite pluss i rekneskapen for gjennomsnittsbonden på Haugalandet i 2019, men godt håp for framtida.

MJØLK: Fôringsrådgjevar Anja Våg Skjold og Rune Sørheim i Steinshagen samdrift. Foto: Dag Idar Jøsang
MJØLK: Fôringsrådgjevar Anja Våg Skjold og Rune Sørheim i Steinshagen samdrift. Foto: Dag Idar Jøsang

Sol frå skyfri himmel sommaren 2018 var med å legge mørke skyer over økonomien i landbruket. Ferske tal for 2019 viser gløtt av sol, men ikkje den heilt store tilveksten i økonomien.

Tala til Tveit Regnskap byggjer på 1 700 familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket på Haugalandet. Hovudtrekket viser at innteninga tok seg litt opp både for ku, gris og sau, men at auka kostnadar tok mykje av auken, slik at botnlinja blei ganske uendra.

Den skattbare inntekta etter avskriving auka med 5 900 kroner frå 2018 til 2019, viser tala.

MJØLK ER LEVEBRØDET

Haugalandet er eit grasland, og mjølkeproduksjon er ein bærebjelken i landbruket. Den gjennomsnittlege mjølkebonden auka i 2019 innteninga si med 1 200 kroner per ku, og med 28 kyr i snitt tilsvarar det 34 000 kroner i styrka dekningsbidrag.

Foto: Dag Idar Jøsang
Foto: Dag Idar Jøsang

Saman med ei stabil inntekt frå både mjølk og kjøt, bidrog også lågare grovfôrkostnader til at mjølkebonden kom ut i pluss sjølv om mjølkeprisen gjekk ned med to øre, til 5,89 kroner per liter. I snitt mjølka kvar ku 7 391 liter mjølk.

I eit 10-års perspektiv har gjennomsnittsbuskapen på Haugalandet auka med 33 prosent, og i same perode har mjølkeleveransen auka frå 130 til 206 tonn for ein gjennomsnittsgard.

Dette viser også igjen i form av lyst til å investere. I 2019 brukte ein typisk representant for mjølkebøndene i Tveit Regnskap sitt distrikt 22 000 kroner på å auke mjølkekvoten. Prisen per liter ligg ofte på 16-17 kroner literen, eller 1,50 til 1,60 kroner for å leige kvote.

MØRKT FOR STORFEKJØT

For nokre år sidan valde mange bønder å satse på storfekjøtproduksjon, enten med ammekyr eller oppfôring av oksar. Styresmaktene tok grep for å styrke innteninga, som ga utslag i at dekningsbidraget auka med 600 til 800 kroner per ammeku eller okse.

NYTT: Harald Pedersen har bygd nytt fjøs til ammeku. Foto: Dag Idar Jøsang
NYTT: Harald Pedersen har bygd nytt fjøs til ammeku. Foto: Dag Idar Jøsang

I 2018 snudde dette, i stor grad på grunn av auka fôrkostnader. Den trenden haldt fram i 2019, der dekningsbidraget gjekk ned med 500 kroner per ammeku og 450 kroner per okse.

Annonse

I snitt ligg innteninga per ammeku på ⅓ av ei mjølkeku, mens kostnaden ved å investere i fjøs til produksjon av storfekjøt er langt høgare.

LYSNING FOR GRISEN

Overproduksjon av svinekjøt merkast i rekneskapen også i 2019, men stoda betra seg likevel noko samanlikna med 2018 og 2017. I kombinasjon med at grisen blei meir produktiv og noko lågare fôrkostnader gjorde at dekningsbidraget per slaktegris auka med 28 kroner.

Foto: Øystein Heggdal
Foto: Øystein Heggdal

For ein gjennomsnittsbonde med 1 100 slaktegrisar i året ga det ei auke i dekningsbidraget på 31 000 kroner. For ein kobinertprodusent auka innteninga med 2 300 kroner per purke, og med eit snitt på 48 purker tilsvarar det 110 400 kroner.

SAUEN ER OVER DET VERSTE

Overetablering har ført til at marknaden for sauekjøt har vore i ubalanse i to-tre år.

Foto: Dag Idar Jøsang
Foto: Dag Idar Jøsang

Sæleg har det vore ei overdekning av kjøt frå vaksne dyr som har pressa utbetalingsprisane. I 2019 var det ei viss betring, og dekningsbidraget auka med 83 kroner til 706 kroner per sau.

På Haugalandet har kvar sauebonde 72 vinterfôra sauer i snitt, og det gir ei auke i dekningsbidraget på 6 000 kroner.

HÅP FOR FRAMTIDA

Men trass i auka inntening i nesten alle typar produksjonar sit ikkje bonden igjen med meir enn 5 000-6 000 kroner på botnlinja. Tala frå Tveit Regnskap viser at prisen på drivstoff, straum, driftsmidlar, handtverkarar og andre tenester aukar og at dette et av lasset. Det gjer at bondeinntekta har stagnert snarare enn at den har ekspandert.

Tveit Regnskap er likevel optimistar med tanke på framtida. Pandemien har gjort at nordmenn tilbringer helger og feriar i heimlandet og eg middagen heime. Det har ført til auka etterspurnad etter både mjølk og kjøt, som og bønder har fått i oppdrag å produsere mest det dei maktar. I kombinasjon med ei rente som er nær null ser langtidsvarselet bra ut.

POSITIV: Tveit Regnskap og Andreas Lundegård er ikkje veldig imponert over inntektsutviklinga for 2019, men auka forbruk av norske landbruksvarer etter pandemiutbrotet gjer at det ser lyst ut ei stund framover. Foto: Privat
POSITIV: Tveit Regnskap og Andreas Lundegård er ikkje veldig imponert over inntektsutviklinga for 2019, men auka forbruk av norske landbruksvarer etter pandemiutbrotet gjer at det ser lyst ut ei stund framover. Foto: Privat

Neste artikkel

Bytta NRF med STN