Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Bondeinntekta vil gå kraftig ned i 2022

Andreas Lundegård har rekna på kva auka kostnader vil bety for mjølkeprodusentar, ammeku- og saueprodusentar.

ØKONOMI: Andreas Lundegård og Tveit Regnskap har rekna på korleis auka kostnader vil slå ut for økonomien til bonden i 2022. Foto: Tomin Meling
ØKONOMI: Andreas Lundegård og Tveit Regnskap har rekna på korleis auka kostnader vil slå ut for økonomien til bonden i 2022. Foto: Tomin Meling

– Sjeldan har bonden vore ute for meir økonomisk turbulente enn ved inngangen til 2022. På mange måtar er dette litt underleg, for i utgangspunktet ligg det meste til rette for ei god inntening hjå bonden, seier Andreas Lundegård.

Den erfarne landbruksrådgjevaren og rekneskapsføraren i Tveit Regnskap har arbeidd med økonomirådgjeving sidan 1998.

LUNDEGÅRD PEIKAR PÅ AT marknadsbalanse er grunnpilaren for å gi bonden ei sikker og stabil inntekt.

– I den tida eg har vore med å analysere innteninga til bønder har marknadsbalanse vore avgjerande. Koronapandemien har på litt underlegvis slått positivt ut for bonden fordi eg og du som forbrukarar stort sett et maten vår heime. Svenskehandel har me hatt i lita eller inga grad, og me har heller ikkje reist til varmare strók. Dette har ført til at innanlands etterspurnad etter matvarer nærast har eksplodert, og bønder og næringsmiddelindustri har produsert det reimer og tøy kan halde. Normalt gir dette grobotn for stabile utbetalingsprisar og sikker inntekt for bonden, skriv Lundegård i si analyse.

– Likevel opplever landbruket stor uro, og det vert ropt varsku frå næringa: Krybba er tom og hestane er i ferd med å bitast.

ØKONOMIRÅDGJEVAREN MEINER AT ein ikkje skal vere nokon særs dyktig rakettforskar for å analysere seg fram til at årsakene er:

– Isolert sett har me fått innblikk i korleis dei ulike faktorane har endra seg. Gjødselprisen har nesten dobla seg, frå 4 kroner kiloen til 6-8 kroner kiloen. Straumprisen er på 1,8 kroner per kWh mot normalt 30-40 øre. Likevel har ein i liten grad sett tal på korleis dette vil slå ut på totalen for bonden, seier han.

TVEIT REGNSKAP HAR I EI ÅRREKKE laga statistikk for bondeøkonomien, og har såleis eit godt grunnlagsmateriale for å rekne på korleis dette slår ut. Lundegård viser også til at det i media er framstilt ein god del tal på korleis dei ulike bruddstykka endrar seg.

Økonomirådgivaren har laga eksempel på korleis dei ulike faktorane slår ut saman, for tre ulike produksjonar med eit areal med 200 dekar fulldyrka jord og 100 dekar beite..

Tveit Regnskap har rekna på korleis endringane for dei ulike innsatsfaktorane slår ut under følgjande føresetnader:

SOM TALGRUNNLAG HAR Tveit Regnskap brukt NIBIO sine driftskalkylar til å stipulere forbruk av dei ulike innsatsfaktorane, og samanstilt dei med sine eigne statistikkar for å rekne ut korleis dette slår ut for dei tre gardsbruka.

I utrekningane har dei sett auke i innsatsfaktorar opp mot auke på inntektssida, gjennom meirprisar på kjøt via jordbruksavtalen, samt endringar i tilskot og så vidare. Auka investeringskostnader er rekna inn i rentekostnaden.

Det gir følgjande bilde for dei ulike gardane:

Konklusjonen til rekneskapsførarane er at mjølkeprodusenten med ei kvote på 210 tonn, som er eit bruk rundt gjennomsnittet i Noreg, vil få ein kalkulert nedgang i inntekta på 58 000 kroner i 2022.

FOR EIN AMMEKUPRODUSENT med 32 årskyr og fullt påsett blir nedgangen i inntekta på om lag 48 000 kroner, mens sauebruket med 300 vinterfôra dyra vil få ein nedgang på 17 000 kroner i inntekta.

– Desse reknestykka må sjølvsagt takast for det dei er: Det er eit anslag over korleis me vurderer situasjonen i 2022. Arbeidet er ikkje gjennomført med den same presisjonen som Budsjettnemda og NIBIO reknar med, men det gir oss eit bilde av korleis stoda kan bli ut frå dei gjevne føresetnadene. Så kan ein sjølvsagt diskutere dei føresetnadene som er lagt. Nokre vil hevde at utslaga er større, mens andre vil meine det motsette. Det gir uansett eit bilde av situasjonen og då er det ikkje feil å rope eit varsku, slik bondeopprørarar og fleire andre har gjort. Situasjonen har endra seg mykje berre dei siste par månadane. Med mindre energimarknaden snur seg opp ned utover våren vil dette også bli ein del av kvardagen til bonden utover i 2022, seier Andreas Lundegård.

Neste artikkel

Store bevegelser i leiekjøringsprisene