Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Demonstrerer gjerding på Agroteknikk

Byr på nyttige tips til deg som skal sette opp gjerder.

Ragnar Vikingstad demonstrerer gjerding to gonger om dagen på Agroteknikk. Foto: Dag Idar Jøsang

– Det er to ord som gir alle bønder dårleg samvit: Dårlege gjerder.

Påstanden kjem frå Ragnar Vikingstad. Gründeren bak firmaet HT-gjerde er på Agroteknikk for andre gong for å vise fram sine High Tensile-gjerder. Der gir han også nyttige råd og tips til alle som set opp gjerdene sine sjølv.

Etter å ha sett opp nokre mil med gjerder sjølv, og kursa nokre titals samarbeidspartnarar i gjerding, har han skaffa seg mykje kunnskap om gjerding. På Agroteknikk vil han to gonger om dagen, klokka 11 og 15, gi større grupper ein demonstrasjon av gjerding.

Annonse

– Alle bønder har noko dei irriterer seg over når det gjeld gjerding. Ein må ha mengdetrening for å bli flink til å gjerde, men eg har også ein del tips å gi som kan hjelpe mange, fortel han.

Eit av dei handlar om avstivingspålar. Svært mange trur at avstivingspålen skal festast høgt på endepålen, men det då arbeider den mot dei fysiske lovane, i følgje Vikingstad.

Når ein stramar nettet vil avstivingspålen berre bidra til å rive hjørnepålen opp av jorda.

– Avstivingspålen skal festast lengre nede på hjørnepålen, fortel gjerdeeksperten, som også feller avstivingspålen inn i hjørnepålen og skrur den fast med ein skrue gjennom hjørnepålen.

Neste artikkel

Ei gaselle i gjerder