Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

- Destruksjon kan ikke brukes som straff

- Å destruere besetninger som smekk på fingeren er maktmisbruk, skriver Sturla Molden i et innlegg der han beskriver hva han mener bør bli konsekvensene for bønder blir tatt med en del umerkede dyr.

Sturla MoldenVeterinærTidligere ansatt i Mattilsynet
Sturla MoldenVeterinærTidligere ansatt i Mattilsynet

Det har kommet mange reaksjoner på sosiale medier etter at veterinær Sturla Molden fortalte hva han hadde opplevd som ansatt i Mattilsynets avdeling i Midtre Hålogaland. I to sporbarhetssaker ønsket de lokalt ansatte å hjelpe bøndene med å merke umerkede dyr, men fikk instruks fra hovedkontoret om å ikke gjøre dette.

I innlegget under utdyper Sturla Molden sine synspunkter på dagens praksis med å avlive og destruere umerkede dyr:

Etter intervjuet med meg i Norsk Landbruk 11. november 2022 har eg fått spørsmål om kva eg personleg meiner bør bli konsekvensen for bønder som blir tekne med ein bøling med mange umerka storfe.

Det er ikkje tale om at misleghald av merkeplikta skal vera utan konsekvensar og at vi skal hole ut regelverket med å vera snille. Motsett skal vi heller ikkje tolke regelverket ekstra strengt for å vera slemme.

Destruksjon av buskap er ikkje ei straff i Norge. Denne inngripande åtgjerda skal berre brukast for å tryggje dyrehelsa og mattryggleiken. Å destruere buskap som smekk på fingeren er maktmisbruk, fordi det er ikkje føremålet med denne åtgjerda.

Straffereaksjonar i Norge er bøter og fengsel – ikkje destruksjon av husdyr. Ein storfebonde som ikkje set merke på kalvane sine skal kanskje ha ei bot for det. Her er det ein veikleik ved dagens regelverk at Mattilsynet ikkje kan gje overtredingsgebyr (bot) for brot på matlova, slik Mattilsynet kan gjera i dyrevelferdssaker. I staden må syndaren få eit førelegg frå politiet. Lovgjevar bør vurdere om dette skal endrast.

Annonse

Så er spørsmålet kva vi skal gjera med dei krøttera som ikkje har merke.

Forvaltinga har ikkje lov til å bruke meir inngripande verkemiddel enn det som er naudsynleg for å oppnå føremålet. Det ein vil oppnå i slike saker er å tryggje mattryggleiken og dyrehelsa. Andre omsyn, som t.d. at ein meiner bonden fortener ein smekk, er ikkje relevante når dette skal vurderast.

Det høvelege hadde etter mitt syn vore at bonden fekk pålegg om å merke og registrere alle krøttera sine innan ein gitt frist. Gjer han ikkje det blir det tvangsmulkt (dagbøter). Gjer han det framleis ikkje vil staten syte for at det blir gjort, for bondens rekning. Fram til det er gjort får han korkje levere kjøt eller mjølk og ingen dyr får forlate garden.

Dersom bonden ikkje kan dokumentere kven som er kven med fjøsjournal og kjenneteikn på dyra, blir det anten teken DNA-prøvar, som bonden sjølv må betale, eller gjennomført ei såkalla «basisregistrering» av dyra. Det vil seie at dei blir registrerte utan foreldredyr og nøyaktig fødselsdato. Dersom ein vel å basisregistrere bør det også bli sett livsvarig forflyttingsforbod på dei aktuelle dyra. Det er ein restriksjon som gjer at dyra må stå på garden heile livet. Bonden må søkje om løyve før han kan sende dei til slakt. Løyve vil han normalt få, men med nokre vilkår: Er dyra vaksne blir det teke hjerneprøvar for kugalskap, og desse må bonden sjølv betale. Dyretransporten til slakteriet kan også koste meir, fordi bonden må vera sistemann på ruta.

Dette er ikkje fritt for konsekvensar og det nullar ikkje ut regelverket, men det skyt heller ikkje sporven med kanon. Det er heller ikkje verkemiddel som er så sterke at det driv folk til konkurs og skapar personlege tragedie og kanskje også dyretragedie.

Det eg no har beskrive er i hovudtrekk konsekvensen av å bli teken med umerka dyr i eit EU-land, Danmark, etter kva eg har fått høyre frå danske kollegaer. Kvifor skal vi vera strengare? Vi treng ikkje vera meir katolske enn paven. Det er det same EØS-regelverket som ligg til grunn.

Korleis skal vi då forstå EØS-regelverket? Regelverket seier at Mattilsynet skal vedta destruksjon i tilfelle der storfe er umerka og utgjer ein fare for dyrehelse og mattryggleik. Det utslagsgjevande synest å vera dette vesle ordet «og». Mattilsynets juristar tolkar dette som eitt trinn. Det vil seie at dei tolkar det slik at umerka storfe alltid utgjer ei fare. Dermed er det aldri ein veg utanom destruksjon. Eg meiner dette er feil. Etter mi meining er det ikkje slik at eit umerka storfe alltid utgjer ein fare. Det er etter mi meining tale om to trinn, der det at dyret utgjer ein fare må koma i tillegg til at det er umerka. Det vil seie at «og» skal tolkast som «og i tillegg», ikkje «og difor alltid». Kva som er føremålet med regelverket står i fortalen til forordninga, og det må vektleggjast.

Av Sturla Molden, veterinær

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

– Vi etterlyste en mer pragmatisk holdning