Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Enorm interesse for vedmaskiner

Lid Jarnindustri og Duun Industrier melder om stor etterspørsel etter vedmaskiner. – Bedrifta har allereie selt ut heile produksjonen for i år og halve produksjonen for 2023, fortel dagleg leiar i Lid Jarnindustri, Svein Ove Lid.

STORT SAL: Eikmaskin og Felleskjøpet sel vedmaskiner som aldri før. Krigen i Ukraina og dyr straum gjer at mange vil sikre seg ved til neste vinter. Foto: Dalen
STORT SAL: Eikmaskin og Felleskjøpet sel vedmaskiner som aldri før. Krigen i Ukraina og dyr straum gjer at mange vil sikre seg ved til neste vinter. Foto: Dalen

– Dette er heilt ekstraordinært, kundane må vente lenge på nye maskiner. Det er kjedeleg å måtte skuffe kundar, men vi gjekk tomme rundt juletider. Vi har lange ventelister på ulike komponentar til maskinene, som ventilar og anna. Dette forsinkar igjen produksjonen vår, seier Svein Ove Lid.

Mange av komponentane til vedmaskinene kjem frå Italia.

– Produsentane som vi brukar, skuldar igjen på sine underleverandørar, mykje på grunn av pandemien. Det gjeld ikkje berre vedmaskiner, men mange ulike reiskapar og maskiner. Det er veldig utfordrande tider, fortel Lid.

VEDMASKIN 2054 FRÅ DALEN er ei heilhydraulisk maskin. Vedmaskina har ein kraftig kløyvar med to hastigheiter. Maskina finst i tre ulike modellar, og det er Eikmaskin som er storleverandør av Dalen i Noreg.

– Det har vore oppsving på salet av kombimaskiner, men det går framleis mest til traktor. Salet har økt i heile landet, men klart mest i Sør-Noreg, fordi der er det høgast straumprisar, seier Lid

Verksemda har òg veldig bra oppsving i salet på stokkestativ og andre tilhøyrsprodukt til vedmaskiner.

– Det er mange produsentar som har selt bra med ved, og som vil fornya seg. Det har gått i eitt bankande køyr her sidan nyttår. Det er bra, men samstundes er det utfordrande tider med høge straumprisar i produksjonen, og som sagt store problem med delar, fortel Lid.

HOS FK AGRI er salet dobla i 2021. Dei tilbyr maskiner frå Duun og Pilkemaster.

Annonse

– I 2021 blei salet av vedmaskiner meir enn dobla, samanlikna med 2020. Dette held tydeleg fram no i 2022 også. Det er gode forhold for vedhogst og tømmerdrift. Samtidig bidrar nok energiprisane til at mange vil nytte ved som varmekjelde i tida framover, seier kategorisjef Hans Petter Eik i FK Agri.

Bestseljarane av vedmaskiner i 2021 var Duun VM370X og Pilkemaster EVO 36.

KARL-MARTIN EGGEN, administrerande direktør i Duun Industrier, fortel også om varmgang knytta til ved hos Levanger-bedrifta.

– Ja, det er veldig godt sal av vedmaskiner, både gjennom FK Agri og FK Rogaland Agder. Pågangen er stor, og ordrereservane er ikkje reduserte. Hadde det blitt slutt på ordrar i dag, hadde vi blitt ferdige med produksjonen til sommaren, seier Eggen.

I tillegg til Noreg sel Duun bra med vedmaskiner til Sverige og ein del til Tyskland, Danmark og England.

– Vi produserer vedmaskiner kontinuerleg gjennom heile året. Maskiner for eksport blir produserte gjennom sommarsesongen. 1,4 vedmaskiner per dag er målsettinga, seier han.

Duun sel mest av VM 370X. Modellen treff godt for dei som produserer ved til eige bruk og ein del for sal, forklarer direktøren.

– Vi merkar også stor interesse for den nye stormaskina, VM 450, som vi viste fram på Agroteknikk i fjor haust. Vi håpar å få klar modellen til hausten, men det er problem med å få levert hydrauliske delar, som pumper, ventilar og motorar. Italia er det viktigaste produksjonslandet av desse delane, og pandemien pregar framleis produksjonen og levering ut til kundane. I tillegg kjem krigen i Ukraina, som gjer det enno verre, seier Eggen.

Neste artikkel

– Det skal være rent, rasjonelt og lettdrevet